Tips til sortering

Her har vi samla tips til korleis du sorterer dei vanlegaste tinga vi nytter. Det er og laga ein oversikt over korleis du sorterer grovavfall (denne informasjonen er å finne på ulike språk).

Posar til plast- og matavfall 

For deg som har felles samleplassar
Du kan henta deg rull med matavfallsposar på rådhuset i Odda (innbyggjartorget), Coop Odda og Rema 1000 (Sørfjordsenteret),  samt ved våre miljøstasjonar. 

Hugs: Matavfallsposar har kort haldbarheit så ta ein rull om gongen. 

For deg med eigne dunkar
Ved å henge lapp på avfallsdunken din ved levering av avfall legg vi igjen rull med plast- eller matavfallsposar. Alt ettersom kva du etterspør. Du kan og henta deg rull med plast- eller matavfallsposar på kommunehuset og miljøstasjonen i Kinsarvik.

Lappar til å henge på avfallsdunk kan du få ved miljøstasjonane våre, på Bunnpris (Lofthus), Spar (Kinsarvik, Nå og Jondal), kommunehuset i Kinsarvik og på innbyggjartorget i Odda. 

Slik sorterer du

Grovavfall er avfall som ikkje får plass i retavfallsunkar

Eksempel på grovavfall:

  • kvist- og hageavfall
  • jern og metall
  • gipsplater, trevirke og anna bygningsmateriale
  • anleggsmassar som stein, leca o.l.
  • utsletne møblar, madrassar, tepper o.l.
  • utrangerte og øydelagde; syklar, gressklipparar, tørkestativ, toalett, vaskeservantar, varmeomnar, komfyrar o.l.

Denne type avfall skal leverast til ein av miljøstasjonane i kommunen.