Handtering av avfall ved arrangement

Du som aktør kan bestilla avfallsdunkar til ditt arrangement frå renovasjonsverksemda sin næringsrenovasjon mot betaling. Dette gjeld avfallshandtering ved frivillige initiativ, festivalar og liknande. 

§ 35 i forureiningslova seier at den som driv daglegvarehandel, bensinstasjon, kiosk og liknande utsalsstad skal sørge for at det blir satt opp avfallsbehaldarar i nærleik av salsstaden, og tømming av desse. Dei som driv leirplass eller anna turistanlegg har og plikt til å sette opp og tømme avfallsbehaldarar. Dei som driv alle former for verksemd eller liknande dei nemnt over, skal og gjennomføre naudsynt opprydding i området. 

Les meir om næringsrenovasjon

Arrangørar sitt ansvar

Arrangør av tilstelling eller stevne skal sørge for naudsynt opprydding etterpå så langt dette ansvaret ikkje ligg til dei som driv verksemd som nemnt i forrige avsnitt. 

Det er viktig å merka seg at avfall direkte frå arrangement/festivalområde ikkje skal kastast i avfallsdunkar på offentlege område, men handterast gjennom eigne løysingar for avfall som arrangøren har organisert og kosta.

Meld frå til oss

Det er viktig å melde inn behovet på førehand, for å sikre at renovasjonsverksemda har behaldarar og mannskap nok til å handtere oppdraget i aktuell periode.

Verksemd for veg og park har ansvar for avfallsspann i dei offentlige områda, og vil vurdere behov for hyppigare tømming i periodar med høg aktivitet grunna auka antal turistar / besøkjande. 

Bestilling av løysing for avfall til arrangement kan sendast til renovajsonstenesta.