Tinging av abonnement
Har du ikkje renovasjonsabonnement ta kontakt med oss per telefon eller e-post.
Pris
Sjå her for alle kommunale avgifter, prisar og gebyr
Fritak eller reduksjon i pris
Fritidshus som er registrert som hytte på renovasjonsabonnementet (info vert henta frå matrikkelen) får ikkje fritak eller reduksjon.
Unntak er om hytta er til nedfall og ein kan dokumentera at fyringsanlegget ikkje er i drift. Dette må dokumenterast av feiaren.
Returpunkt/samleplassar
Hytterenovasjon har returpunkt (samleplassar). Det vert jobba med å utvida sorteringsløysinga; matavfall, papir/kartong, glass- og metallemballasje, plastemballasje og restavfall i områder som ikkje allereie har dette.
Vi anbefaler alle å laste ned mobilappen “MinRenovasjon”, ved å registrere adressa di i appen kan du finna næraste returpunkt.
Regelmessig tømming
Vi sørgjer for at felleskontainarane vert tømde før dei vert overfylte, basert på faste ruter og behov.
Drift og vedlikehald
Vi har ansvar for at tømmesystemet fungerer teknisk, og at rammene rundt kontainarpunktet er i god stand.
Reinhald av punktet
Vi utfører periodisk reinhald av sjølve kontainarane og området umiddelbart rundt for å sikre eit triveleg nærmiljø.
Feilretting
Ved teknisk feil på nedgravde system eller skade på kontainare, skal utbetring starte snarast råd etter at avvik er meldt.
Kjeldesortering
Det er avgjerande at du brukar rett behaldar/kontainar til rett avfall. Feilsortering i fellesløysingar skapar store problem for gjenvinninga og kan føre til brann og lukt.
Ingen lause posar med unntak av posar med plastavfall
Alt avfall skal leggjast heilt inn i kontainaren. Det er strengt forbode å setje frå seg posar, pappøskjer eller anna avfall på utsida eller oppå kontainaren. Dette tiltrekkjer seg skadedyr og skapar forsøpling. Forsøpling kan bøtlegast.
Grovavfall
Fellesløysingane er berre for vanleg hushaldsavfall. Store gjenstandar (møblar, kvitevarer, bygningsavfall) skal leverast direkte til miljøstasjon.
Plassering av bil
Pass på at du ikkje parkerer slik at du hindrar renovasjonsbilen i å kome til for å tømme kontainarane.
Kontainar for papir og kartong
Kontainare for papir og kartong er berre rekna for vanleg hushaldningsavfall og mindre emballasje. Større papp (som esker frå møblar, kvitevarer o.l.) skal leverast på miljøstasjonen, det er heilt gratis å levere og sikrar at kontainarane ikkje vert fulle med ein gong.
Feil eller avvik
Har vi gløymt ein privat behaldar? Er det full kontainer eller forsøpling på samleplass? Eller oppstått ein tekniske feil?
Meld ein feil her
Returpunkt med kodebrikke
På aust- og vestsida av fjorden, samt i Jondal er det returpunkt med låste skap der du må nytte kodebrikke. Brikke er sendt hytteeigarane som soknar til desse returpunkta. Er det er nokon som ikkje har fått dette tilsendt kan dei ta kontakt med renovasjonstenesta.
Ikkje returpunkt for ditt hytteområde?
Dersom det ikkje er etablert sorteringsordning for ditt hytteområde, kan du levere avfall til ein av våre miljøstasjonar.
Følgjande typar avfall må leverast til miljøstasjonen:
- Bygg- og rivningsavfall, møblar, metall og andre store gjenstandar.
- Farleg avfall som beis, måling, lakk, løysemiddel, spillolje, lut, batteri, trykkimpregnert treverk m.m.
- Elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall). EE-avfall kan òg leverast gratis i retur til forhandlar!