Betaling av kommunale eigedomsgebyr

Du betalar kommunale eigedomsgebyr på vatn, avløp, slam, feiing, renovasjon og eigedomsskatt.

Du finn fakturaene dine, anna informasjon og kan sende melding ved å logge inn på: 

Min eigedom

Forfallsdatoar og terminar

Kommunestyret fastset terminane på kommunale eigedomsgebyr; vatn, avløp, slam, feiing, renovasjon og eigedomsskatt. Gebyra har forfall den 20. påfølgande månad.

Eigedomsskatt vert fakturert kvartalsvis; forfall 20.03, 20.06, 20.09 og 20.12.

Har du vassmålar, er avlesing i desember kvart år. Oppgjeret kjem vanlegvis på fakturaen i februar. Du betalar ikkje forskotsgebyr for vatn og avløp i januar.

Ynskjer du å endra frå årleg fakturering til månadleg eller omvendt, må du ta kontakt med kommunen.

Spørsmål knytt til fakturagrunnlaget?

Betalingsinformasjon

  • Klage på gebyr utset ikkje betalingsfrist. For mykje eller for lite innbetalt vert korrigert når ei klage er handsama. (Jf. Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Ullensvang kommune § 12 og eigedomsskattelova § 25)
  • Faktura som ikkje vert betalt til fastset tid, vert purra. Då kjem det purregebyr og renter. Krav på årsgebyr er sikra med lovpant i eigedomen etter pantelova § 6-1. Har du betalingsproblem, er det viktig at du tar kontakt snarast, slik at vi kan finna ei løysing saman. E-post: innf@ullensvang.kommune.no.
  • Faktura vert sendt til den som er eigar på faktureringstidspunktet. Eigarskifte som skjer midt i ein termin er ei sak mellom kjøpar og seljar.
  • Kommunen registrerer ny eigar når vi får melding om tinglysinga. Dette kjem automatisk opp i vårt system. Er det ubetalte faktura på eigedomen, vert dei overført til ny eigar.
  • Hovudregelen er at tinglyst eigar er fakturamottakar, men kommunen kan unntaksvis godta anna fakturamottakar enn tinglyst eigar. Då må det søkjast digitalt med dette skjemaet: “Søknad om endring av fakturamottakar kommunale eigedomsgebyr”.

Korleis betale faktura