Skjenkeløyve for einskildhøve

Søknad om skjenkeløyve for einskildhøve skal vera levert til kommunen seinast to veker før løyvet skal takast i bruk.

Når treng du einskildhøve?

Du må søkje når du skal ha eit arrangement der du sel alkohol og staden ikkje har fast skjenkeløyve.

Kven kan få løyve?

Jf. kommunen sin alkoholpolitiske handlingsplan:

  • Løyvet gjeld til dømes festival, bygdafest, offentleg arrangement og anna. Sakshandsaminga er forenkla, då det dreier seg om kortare periode enn faste løyver.  
  • Det vert ikkje gjeve skjenkeløyve for idrettsarrangement.  

Vilkår

For å få løyve til einskildhøve må det vere minimum 18 år aldersgrense til skjenkelokalet. Det kan søkjast om dispensasjon på arrangement der det vil vera naturleg å gje adgang til ungdom under 18 år. Dette kan t.d. vera konsertar, revy eller andre kulturelle arrangement. 

På større arrangement som til dømes bygdafestar, vert det sett som villkår at skjenkestyrar og minst 1 av øvrige vaktar/ mannskap må ha gjennomført skjenkekurs i regi av kommunen eller ha teke kunnskapsprøven for skjenkeløyve.  

På såkalla bygdafestar kan ungdom frå 15 år og oppover delta. Vilkår for dette er at det vert utabeidd og vedlagd ei risikovurdering/handlingsplan i søknaden, for å hindra at mindreårige får tilgang til alkoholhaldig drikk. Det skal vera matservering og dans. Vakthald skal godkjennast av politiet. Brot på villkåra sett i løyvevedtaket og alkohollova kan medføra karantene for både huseigar 

Vaktkrav 

  • Alle arrangement må føreta ei risikovurdering ut frå type arrangement og gjestetal.  
  • Det er politiet som set vaktkrav. Dei skal få tilsendt vaktlister.  
  • Rådmannen kan i spesielle høve fråvika krav om kunnskapsprøve/kurs for styrar og ein av vaktene, dette ut frå ei totalvurdering.  
  • Det same gjeld vaktkravet, men då i samråd med politiet som set vaktkrav. Døme på slike arrangment er pensjonistlag eller andre lag som vil ha medlemsfest eller kulturarrangement der skjenkinga berre er ein liten del av arrangementet, som til dømes temakveld, opning av ny butikk og liknande.

Antal vakter:

  • Arrangement inntil 50 gjester – min. 2 vakter
  • Arrangement mellom 51 og 100 gjester – min. 4 vakter
  • Arrangement mellom 100 og 250 gjester – min. 12 vakter
  • Arrangement med meir enn 250 gjester – min 20 vakter

Politiet skal ha melding om kvart arrangement og kan stilla andre vaktkrav enn det som er skissert her, ut frå ei totalvurdering av arrangementet.

Større arrangement som til dømes Morellfestivalen på Lofthus og Røldalsmarknaden er pålagt å søkje politiet om løyve. Politiet skal uttala seg om arrangementet før kommunen handsamar søknaden.  

Slik søkjer du

Du søkjer digitalt her via vårt skjema

Pris

  • 1-99 gjester: 600 kr
  • 100-199 gjester: 1500 kr
  • Meir enn 200 gjester: 3000k kr
  • Gebyr for salsløyve for einskildhøve: 600 kr.  
  • Om arrangementet vert avlyst, skal det betalast eit gebyr på 500 kr.

Viser det seg i ettertid at det er fleire eller færre gjester enn oppgjeven i søknaden, vert kravet justert.