Alkoholpolitisk handlinsplan 2024 - 2028

6 Utvida salsløyve med høve til tilverking i eige verksemd

1. juli 2016 vart eit 100 år langt forbod mot direktesal av lokalprodusert alkohol gr. 2 oppheva og det vart høve for lokalprodusentar å søkja om slikt løvye. Kommunalt salsløyve kan utvidast til å omfatta tilverking av visse alkoholhaldige drikker gr. 2. Dette er eit snevert unnatak frå hovudregelen som er statleg tilverkingsløyve.

Bakgrunn for ordninga med utvida kommunale salsløyver er å fremja potensialet som ligg i kombinasjonen lokale tradisjonar og næringsutvikling generelt, og forhaldet lokal mat, drikka og turisme spesielt.

Begrepet gardssal vert ofte nytta, men er berre delvis treffande. Rett nok er ein stor del av produsentane knytt til gard, men det som er avgjerande er at det dreier seg om eigenproduksjon og at salet berre kan skje ved tilverkingsstaden, og som ein del av plassen sin heilskaplege karakter og salstilbod, jf. alkohollova § 3-1b., jf. § 1-7f. Dette kan vera ein gard, men det kan og tenkjast andre typar anlegg.

For å gje eit slikt løyve, er det nokre absolutte krav som må vera tilstades:

  • Salet kan berre skje på tilverkingsstaden.
  • Tilverking og sal skal utgjera ein del av staden sin heilskapleg karakter og salstilbod.
  • Det kan ikkje tilsetjast brennevin eller verta blanda med andre alkoholhaldige drikkevarer. 
  • Minst ein tredel av råvarene som vert nytta må vera dyrka på eigen eller leigd jord, eller hausta i utmark gjennom eigen arbeidsinnsats eller gjennom arbeidskraft produsenten sjølv skaffar. Det betyr at det må liggja føre ein leigeavtale om det er eit as som får løyve eller nokon paktar ein gard.
  • Det kan ikkje selgjast meir enn 15 000 liter per år.