Alkoholpolitisk handlinsplan 2024 - 2028

4 Skjenkeløyve

  • Alle skjenkestader som skal skjenka alkohol må ha skjenkeløyve.
  • Det kan gjevast løyve for alle alkoholgrupper (gruppe 1, eks. øl, gruppe 2 eks. vin og gruppe 3 brennevin).
  • Kommunen avgjer søknader om skjenkeløyve, med mindre det vert gjeve statleg løyve etter alkohollova kapittel 5, jf. 1-7.
  • Ullensvang kommune har ikkje tak på tal skjenkeløyve.
  • Det skal innhentast uttale frå politiet, skatteetaten og sosialtenesta før søknaden vert handsama, slik at løyvemynde kan vurdera om løyvesøkjar og personar som er knytt til verksemda er egna til å ha løyve. 
  • Det skal vera styrar og avløysar knytt til skjenkeløyvet.
  • Styrar og avløysar må dokumentera gjennomført og bestått kunnskapsprøve for skjenk.
  • Kunnskapsprøven kan takast på innbyggjartorget i Odda eller Kinsarvik.
  • Ein må betala gebyr etter gjeldande satsar for å ta prøven.
  • Ved eigarskifte eller vesentlege endringar i driftkonseptet, skal det søkjast om nytt løyve.
  • Er det endring av styrar eller avløysar, skal det sendast søknad om godkjenning til løyvemynde (kommunen).
  • Alkohollova § 1-7a angjev følgjande moment som kan vektleggjast når ein  vurderer søknad om skjenkeløyve:
    • Tal skjenkestader
    • Staden sin karakter
    • Staden verksemda ligg på
    • Målgruppa for løyvet
    • Trafikk og ordensmessige forhald
    • Næringspolitisk omsyn
    • Omsyn til lokalmiljøet

Skjenketider

Lik skjenketid alle dagar:

  • Gruppe 1 og 2 – kl. 08.00 - 02.00
  • Gruppe 3 – kl. 13.00 - 02.00

Det vert ikkje høve til å søkja om utvida skjenketid.