2 Målsetjing
Alkohollova sitt føremål § 1-1 skal i størst mogeleg grad avgrensa dei samfunnsmessige og individuelle skader alkoholbruk kan føra til. Som eit ledd i dette siktar lova på å avgrensa forbruket av alkoholhaldige drikkevarer.
Ullensvang kommune si målsetjing med den lokale alkoholpolitikken er sett med utgangspunkt i alkohollova sin føremålsparagraf. Kommunen skal gjennom løyvepolitikken ha som mål å avgrensa dei individuelle og samfunnsmessige skader alkoholbruk kan føra til.
Viktig delmål er å ha alkoholfrie arenaer i kommunen for barn og unge. Det er vidare ein målsetjing å føra løyvepolitikk som fremmer gode rammevilkår, lik handsaming og føreseieleg for det lokale næringslivet.
Definisjonar:
- Salsløyve – Overdraging av alkoholhaldig drikk til forbrukar mot vederlag, der drikking skjer utanfor salsstaden (jf. alkohollova § 1-4 fyrste ledd)
- Skjenkeløyve – Overdraging av alkoholhaldig drikk til forbrukar mot vederlag, der drikking skjer på staden (jf. alkohollova 1-4 andre ledd).