9 Reaksjonar ved overtreding
Bryt skjenke- eller salsstadene reglane i alkohollova, alkoholforskrifta eller kommunen sine alkoholpolitiske retningslinjer, vert det reagert med åtvaring, tildeling av prikkar (i medhald av alkoholforskrifta kapittel 10), inndraging av løyve eller anmelding til politiet.
Frå 1. januar 2016 vart det innført nye, nasjonale reglar for tildeling av prikkar og inndraging av løyver. Dette inneber sakshandsamingsreglar og standardiserte reaksjonar for ulike former for overtredingar.
Reglane inneber at ulike typar brot vert tildelt eit visst tal prikkar, der 12 prikkar i løpet av 2 år vil føre til inndraging i ei veke. Eit brot kan gje maks 8 prikkar. Ordninga er obligatorisk, og kommunen er forplikta til å følgje retteliinga i denne forskrifta.
Hovudformålet med innføring av prikktildelingssystemet er å sikre at brot på regelverket vert følgd opp. Vidare er systemet meint å føre til ei forenkling av sakshandsaminga av inndragingssaker i kommunane. Prikktildelingssystemet gjev klåre retningslinjer for når eit løyve skal inndragast, og kva reaksjon som normalt skal veljast. Det skal ikkje utøvast skjøn i same grad som tidlegare, men unnatak kan gjerast i særlege høve. Konsekvensane ved brot vil vere meir tydelege og føreseielege for løyvehavarane med dette prikktildelingssystemet. Dette kan vere til hjelp for løyvehavarane når dei utarbeider rutinar og internkontroll for å sikre at drifta er i samsvar med alkohollova med forskrifter.
Ved 12 tildelte prikkar i ein periode på 2 år fører til inndraging av løyve.
Oversikt over prikkbelastning
8 prikkar:
- Sal og skjenking til mindreårige
- Brot på bistandsplikta
- Brot på krav om forsvarleg drift
- Hindring av kontroll
4 prikkar:
- Sal og skjenking til openbart rusa person
- Brot på tidsføresegnene
- Skjenking av sprit til person mellom 18 og 20 år
- Brot på alderskrav til den som sel eller skjenker alkohol
2 prikkar:
- Openbart påverka person i lokalet
- Manglar ved internkontroll
- Manglande levering av oppgåve for omsetjing
- Manglande betaling av gebyr
- Brot på reglar om styrar og stedfortreder
- Diskriminering og narkotikaomsetjing
1 prikk:
- Brot på reglar om alkoholfrie varer
- Brot på reglar om plassering av alkoholhaldig drikk på salsplassen
- Brot på reglar om skjenkemengd av brennevin
- Brot på vilkår i løyvevedtaket
- Konsumering av medbrakt alkohol
- Gjester tek med alkohol ut
- Brot på reklameforbodet