Alkoholpolitisk handlinsplan 2024 - 2028

3 Salsløyve

  • Kommunen avgjer søknader om salsløyve med mindre det vert gjeve statleg løyve etter alkohollova kapittel 5, jf. 1-7.
  • Ullensvang kommune har ikkje tak på tal salsløyve.
  • Kiosk, storkiosk og bensinstasjon kan ikkje få salsløyve, jf. alkohollova § 3-4.  
  • Det skal vera styrar og avløysar knytt til salsløyvet.
  • Det skal innhentast uttale frå politiet, skatteetaten og sosialtenesta før søknaden vert handsama, slik at løyvemynde kan vurdera om løyvesøkjar og personar som er knytt til verksemda er egna til å ha løyve. 
  • Styrar og avløysar må dokumentera bestått kunnskapsprøve for sal.
  • Kunnskapsprøven kan takast på innbyggjartorget i Odda eller Kinsarvik.
  • Ein må betala gebyr etter gjeldande satsar for å ta prøven.
  • Ved eigarskifte eller vesentleg endring i driftkonsept, skal det søkjast om nytt løyve.
  • Er det endring av styrar eller avløysar, skal det sendast søknad om godkjenning av desse til løyvemynde (kommunen).

Salstider

  • Kvardagar kl. 08.00-20.00
  • Laurdagar og dagar før heilagdagar kl. 08.00-18.00 (Gjeld ikkje dagen før Kristi himmelfartsdag, den vert rekna som kvardag, jf. alkohollova § 3-7)
  • Sal av alkoholhaldig drikk skal ikkje skje sundagar og heilagdagar, 1. og 17. mai.