Alkoholpolitisk handlinsplan 2024 - 2028

1 Innleiing

Føremålet med alkohollova er å avgrensa dei samfunnsmessige og individuelle skader som alkohol kan føra til. Løyvepolitikken skal vera føreseieleg og med retningslinjer som gjer næringa godt driftsgrunnlag og konkurransevilkår. Kontroll av tildelte løyver skal sikra at sal og skjenking skjer i tråd med lov og retningslinjer.

Jf. alkohollova § 1-7d er kommunen pålagt å utarbeide alkoholpolitisk handlingsplan og skal handsamast i kvar kommunestyreperiode. Denne planen legg rammer for kommunal sals- og skjenkepolitikk som gjer det mogeleg å delegera mynde frå politisk til administrative organ, og dermed yta raskare sakshandsaming til innbyggarane.

Kommunen er pålagt å utarbeida alkoholpolitisk handlingsplan. I tillegg til å gje informasjon og rettleiing til løyvehavarane, skal dokumentet vera retningsgjevande for administrasjonen ved førebuing av saker til politisk handsaming, og for mynde som skal avgjera sakene.

Alkohollova set rammene for korleis alkoholpolitikken skal forvaltast. Innanfor desse rammene har kommunen stor fridom og stort ansvar til å utforma sin eigen lokale alkoholpolitikk.

All sal og skjenking av alkoholhaldig drikk mot vederlag krev løyve.