Alkoholpolitisk handlinsplan 2024 - 2028

10 Høyringsinstansar på søknadar

  • Nye sals- og skjenkeløyve skal sendast på høyring til politi, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmynde.
  • Sals- og skjenkeløyve for einskildhøve skal sendast på høyring til politi og sosialtenesta.
  • Endring av styrar og/eller stedfortreder skal sendast på høyring til politi.
  • Endring av skjenkeareal skal sendast på høyring til politi og NAV der det er vesentlege endringar. 

Politi, skatte- og avgiftsmynde og sosialtenesta skal uttala seg om løyvesøknaden før den vert avgjort, for å ta stilling til vandel, og om søkjar tilfredsstiller lovkrava. Dette gjeld for løyvehavar, personar som eig ein vesentleg del av verksemda eller selskapet, og / eller driv selskapet, og for styrar og stedfortreder for løyvet. Vandelskravet gjeld ikkje for AS Vinmonopolet. Vert det avdekka noko som kan ha innverknad for løyvespørsmålet, pliktar politi og skatte og avgiftsmynde, utan hinder av teieplikta, å informera løyvemynde. Ved vurdering om løyve for sal eller skjenking skal gjevast, kan kommunen leggja vekt på tal sals- og skjenkeplassar, verksemda sin karakter, plassering, lokalmiljøet, målgruppa, trafikk- og ordensmessige tilhøve og næringspolitiske omsyn og om løyvesøkjar er egna til å ha løyve. Vilkår i følgje alkohollova § 4-3 kan kommunen setja vilkår for løyvet. Forutsetninga for eit lovleg vilkår er at det er grunngitt i alkoholpolitiske hensyn.