Prøvingsattest
For å inngå ekteskap i Norge, må det vurderast om vilkåra er oppfylt. Dette vert kalla prøving av ekteskapsvilkåra, og vert gjort av Skatteetaten / folkeregisteret, deretter vert det utstedt prøvingsattest, om det ikkje er hindringar for ekteskapet.
Attesten er gyldig i fire månader.
Meir informasjon finn du på Skatteetaten: Veien til ekteskapet – steg for steg
Når kan vi gifta oss?

Det vert det ikkje starta sakshandsaming eller bekrefta tidspunkt for vigsel før vi har motteke original prøvingsattest. Denne må leverast fysisk til oss eller sendast per post / e-post.
Hugs at attesten må vera gyldig dagen du skal gifta deg.
Vi utfører vigselen etter ynskje frå brudeparet så langt det mogeleg. Dette vert avklara med kommunen sin koordinator for vigsel.
Stad for vigsel
Ullensvang rådhus ( i Odda). Det kan og avtalast vigsel ute eller bruk av andre lokale. Dette vert avklart i samtale med kommunen sin koordinator for vigsel.
Kva dagar kan vi gifta oss?
Fredagar - kl. 09.00 – 15.00, med unnatak for lov eller avtalefesta helge- og fridagar som jul, påske, 1. og 17. mai.
Kvar 1. laurdag i månaden - kl. 10.00 – 14.00, med unnatak for 1. nyttårsdag, påskeaften, pinseaften, 1. og 17. mai.
Ein kan kome med andre ynskje. Dette vert avklara i samtale med kommunen sin koordinator for vigsel.
Vigselsrett
- Roald Aga Haug – Ordførar
- Inger Synnøve Vestrheim – Varaordførar
- Ole-Jørgen Jondahl – Rådmann
- Ragnvald Joakimsen – Rådgjevar
- Inger Eitrheim Johansen – Sakshandsamar
Pris
Der ein av partane er busett i Ullensvang kommune, er vigselen gratis.
Er partane ikkje busett i Ullensvang kommune, kostar vigselen kr. 1 100.-
Må vigslar køyra til vigselstaden, kjem eit tillegg på kr. 400.-
Er tidspunktet utanfor oppsette tider, kjem eit tillegg på kr. 500.-