Vigsel sommaren 2026

No går det mot sommartid igjen og sesongen for vigsel nærmar seg.

Alle som vil gifta seg i kommunal regi, men utanom desse fellesdagane, kan sjølvsagt koma med ynskje om tidspunkt. Det ordnar seg som regel på beste måte.

Fellesdagar for vigsle

Når det gjeld fellesdagar og plassering, har vi litt nye planar dette året. Vi har også lyst å visa fram Folgefonna og Agatunet, som 2 fine nye stader å verta gift på i vår kommune.

Dei som er opptekne av - og vil ha med seg fruktbløminga i Hardanger, og attpåtil likar kultur og historie - kan få gleda av å verta gift i Agatunet.

Oppe på Folgefonna passar det godt for dei som likar isbrear, fjell og røff natur.  For andre opplysningar vedkomande vigsel, sjå her.

Her kan du gifta deg

Prøvingsattest frå Skatteetaten

Vi må ha ein norsk prøvingsattest frå paret, som viser at det ikkje er hindringar for giftemålet. Norske par får vanlegvis prøvingsattesten sin raskt.

For dei som er frå andre land, tek det som regel lengre tid å få dette dokumentet frå Skatteetaten. Det tek ofte minst 5 - 6 veker fordi dei ikkje har norsk personnummer og dette kan difor ikkje gå digitalt av den grunn.  Presiserer at sakshandsamar ikkje kan hjelpe til med å skaffe gyldig norsk prøvingsattest, alle par må ordne dette sjølv. Utanlandske statsborgarar må kanskje også verta godkjent for vigsel i eige land, før dei kan få ein norsk prøvingsattest frå Skatteetaten i Norge

Det som er viktig å merke seg, og som gjeld for alle par, er at dette dokumentet kun er gyldig i fire - 4 - månader frå den vert utstedt av Skatteetaten. Ein må difor tilpasse tidspunktet for søknaden sin til Skatteetaten, slik at datoen for vigselen er innanfor det tidsrommet som gjeld.

Gyldig prøvingsattest utstedt i Norge er eit absolutt krav.

Kontakt oss

Inger Eitrheim Johansen
Sakshandsamar
E-post
Telefon 90 05 51 26