Vigsel på Trolltunga i sommar

No går det mot sommartid igjen og sesongen for vigsel nærmar seg.

Inger Eitrheim Johansen

Gifta dykk på Trolltunga?

Kommunen gjer klart til bryllupsfeiring på Trolltunga fredag 21. august også i år.

Vi håpar på ein varm og fin dag, men det kan vi ikkje lova deg. Alle må difor også ta høgde for dårlegare vèr, og må kle og sko seg deretter. Det er ein relativt lang tur inn til Trolltunga og alle par må gå - både fram og tilbake. Du må berekna 4 timar ein veg - altså 8 timar å gå.  Alle må også ta med mat og drikke til eige bruk.

Vi vil vera tilstades frå kl. 14.00 denne dagen. Vi oppmodar folk om å starte turen tidleg nok, og bestille seg parkering oppe på P3 (Topp.)  Det kan vera lurt å ha eit lite telt med seg!

Dei som skal gifte seg lurer ofte på om dei må ha med seg forlovarar eller vitne. Det er ikkje nødvendig - vi som er på arbeid for kommunen der oppe kan vera vitne i seremonien.

Det vert ikkje laga noko form for rekkefølge for brudepara. Vi tek det etterkvart der oppe, og det fungerer heilt fint!

Antal par kan verta avgrensa.

For meir utfyllande opplysningar vedkomande vigsel sjå her.

Prøvingsattest frå Skatteetaten

Vi må ha ein norsk prøvingsattest frå paret, som viser at det ikkje er hindringar for giftemålet. Norske par får vanlegvis prøvingsattesten sin raskt.

For dei som er frå andre land, tek det som regel lengre tid å få dette dokumentet frå Skatteetaten. Det tek ofte minst 5 - 6 veker fordi dei ikkje har norsk personnummer og dette kan difor ikkje gå digitalt av den grunn.  Presiserer at sakshandsamar ikkje kan hjelpe til med å skaffe gyldig norsk prøvingsattest, alle par må ordne dette sjølv. Utanlandske statsborgarar må kanskje også verta godkjent for vigsel i eige land, før dei kan få ein norsk prøvingsattest frå Skatteetaten i Norge

Det som er viktig å merke seg, og som gjeld for alle par, er at dette dokumentet kun er gyldig i fire - 4 - månader frå den vert utstedt av Skatteetaten. Ein må difor tilpasse tidspunktet for søknaden sin til Skatteetaten, slik at datoen for vigselen er innanfor det tidsrommet som gjeld.

Gyldig prøvingsattest utstedt i Norge er eit absolutt krav.

Kontakt oss

Inger Eitrheim Johansen
Sakshandsamar
E-post
Telefon 90 05 51 26