Kommuneplanen sin samfunnsdel

Samfunnsdelen skal seie noko om kvar vi vil som kommune. Kvar ønskjer vi å vere om 12 år? Korleis ser vi for oss at Ullensvangsamfunnet skal utvikle seg? Kven ønskjer vi å trekkje til oss? Korleis skal vi bu? Kva skal vi jobbe med? Kva er vi kjende for?

Kommuneplanen sin samfunnsdel (KPS) er det mest overordna dokumentet kommunane kan utarbeide sjølve. Den skal ta for seg dei langsiktige utfordringane, måla og strategiane for kommunesamfunnet og kommunen som organisasjon.

Struktur

Kommuneplanen sin samfunnsdel er strukturert i fire nivå. 

Desse ulike nivåa har ulik tidshorisont, og vil slik vere knytt til ulike prosessar i kommunen. Denne utforminga er viktig for å sikre at kommuneplanen har relevans i heile planperioden.

Medverknad

Medverknad er særs viktig i ein kommuneplanprosess av fleire årsaker. Det er viktig å avdekka dei utfordringane og ynskja som innbyggjarane, verksemder, dei unge og dei eldre har. Det er og viktig at ein har ein plan som er på linje med politikarane sine tankar. Utan det vil planen få lite oppfølging og fort bli ein skuffe-plan, som både skuffar, og blir liggande i ein skuff.

Innbyggjarar

Det vart gjennomføra ein medverknadsprosess der ein satte opp stand på butikkar i alle Lokal-, Kommunedel-, og Regionsenter (LKR-senter). Der var det ope for alle forbipasserande å komme med innspel til kommuneplanen. I denne prosessen kom det inn omlag 300 individuelle innspel.

Skulelevar

4. klasse ved Jondal- og Kinsarvik barneskule og 8. klasse ved Kinsarvik- og Odda ungdomsskule viste oss rundt i sine respektive sentrum. Vi hadde og oppgåver i etterkant der dei fekk konkretisere ynskja sine gjennom kart, teikningar og spørreskjema

Politikarar

Sidan det er politikarane som skal vedta planen og til sjuande og sist vedta tiltak i samsvar med planen, er det ekstra viktig at dei er djupt involvert i prosessen. Etter medverknad med andre aktørar, involverte ein politikarane under folkevaldopplæringa, og i eigne prosessar med Utval for Plan, Næring og Samfunn. Utvalet er styringsgruppa for kommuneplanarbeidet.

Organisasjon

Det er òg viktig at den kommunale organisasjonen blir med i prosessen. Etter at politikarane har stadfesta og utarbeida kva som skal vere måla for planen, skal leiargruppa stemmeføre organisasjonen og administrasjonen sine ynskjer knytt til desse måla og strategiane.