Språknivå A1, A2, B1, B2, C1 og C2

Det finst seks ulike språknivå: A1, A2, B1, B2, C1 og C2.

Korleis brukast dei ulike språknivåa?

Kjem du som ny elev inn i vaksenopplæringa, finn vi ut kor mykje norsk språk du kan, og deretter vert du plassert i ei gruppe der du får undervisning tilpassa ditt behov.

Kompetanse som kjenneteiknar dei ulike språknivåa

Vaksenopplæringa - Språknivå
Språknivå Kompetanse
A1 Du kan forstå og forstå og bruka kjende, daglegdagse ord og uttrykk. Du kan delta i ein samtale på ein enkel måte dersom samtalepartnaren snakkar seint og tydeleg og hjelper deg.
A2 Du kan delta i enkle samtalar om vanlege og praktiske aktivitetar som du kjenner. Du kan lesa og forstå korte, enkle tekstar knytt til arbeidet ditt. Du kan skriva korte, enkle beskjedar og fortelja om opplevingar og hendingar med enkle fraser og setningar.
B1 Du kan forstå hovudpunkta i klar tekst og tale om kjende emne som du ofte møter i samband med arbeid, skule og fritid. Du kan klara deg i dei fleste situasjonar som kan oppstå, og kan skriva enkle tekstar om kjende emne og kort forklara og grunngje meiningar og planar.
B2 Du kan forstå hovudinnhaldet i komplekse eller akademiske tekstar, og faglege drøfringar innanfor ditt eige fagområde. Du kan delta i samtalar med eit relativt spontant og flytande språk, og du kan skriva klare, detaljerte og argumenterande tekstar om eit vidt spekter av emne.
C1 Du kan forstå eit breitt sprekter av lengre, krevjande tekstar og oppfatta bodskap som ikkje er direkte uttrykt. Du kan skriva klare, velstrukturerte og detaljerte tekstar om komplekse emne og visa at du meistrar ulike setningsmønster, bindeord og samanbindande markørar. På C1 kan du og bruka språket munnleg og skriftleg til kognitivt krevjande oppgåver som å bearbeida, samanfatta og vidareformidla informasjon på ein presis og tenleg måte.
C2 Du meistrar godt eit svært stort språkleg repertoar og kan bruka det til å formulera det du tenkjer presist, poengtera særskilde punkt, få fram nyansar og unngå at det du seier eller skriv kan misforståast. Det er ingen teikn til at ein må avgrensa det ein ynskjer å uttrykkja.

Du kan finna meir informasjon om språknivå her: Språknivåer