Informasjon frå Jondal skule

Praktisk informasjon til deg som elev eller føresett om skulekvardagen ved Jondal skule.

Skulekvardagen

Praktisk informasjon

Skuleskyss

Elevar får skuleskyss dersom dei har meir enn 2 km (1. klasse) eller 4 km (2. - 10. klasse) skuleveg. Ved farleg skuleveg kan kommunen innvilga skyss også ved kortare strekningar. 

Det går buss frå Herand, Årsand og Krossdalen om morgonen, slik at elevane er på skulen før oppstart kl. 08:20. Det køyrer buss tilbake kl. 12:50 og 14:00. Bussane går kvar dag det er skule.

Søknadsskjema og meir info om skuleskyss

Klassekontaktar

Kvart skuleår skal kvar klasse velgje to klassekontaktar og to varaer frå foreldregruppa. Dei to varaene rykkjer automatisk opp til å bli klassekontaktar det påfølgjande året, så sant det ikkje oppstår særskilde hindringar.

Ein av klassekontaktane skal sitje i FAU eller vere vara, dette kan ikkje vere foreldre som er tilsette ved skulen. Medlemmene i FAU er klassekontaktane frå 2., 4., 6., 8. og 10. trinn, medan klassekontaktane frå 1., 3., 5., 7. og 9. trinn fungerer som varaer.

Om hausten blir klassekontaktane kalla inn til eit møte for gjennomgang av oppgåver og forventningar. Kvar klasse har ein eigen perm der det blir ført oversikt over oppgåver og kven som har hatt verva opp gjennom åra.

Klassekontaktane har ei særleg viktig oppgåve i å vera bindeledd mellom skule og foreldregruppa. I tillegg skal dei jobba for å styrkja det sosiale arbeidet i klassen, i samarbeid med dei andre foreldra og elevane. Det er forventa at det vert arrangert minimum ein aktivitet for klassen og foreldra ila året. Skulen sine lokale kan fritt lånast etter avtale.

Kva gjer klassekontakten?

Råd og utval ved Jondal skule