§ 1- Foreldrerådet
Alle foreldre som har barn ved skulen, er medlem av foreldrerådet. Foreldrerådet skal arbeida for å skapa godt samhald mellom heimane og skulen, leggja til rette for trivsel og positiv utvikling hos elevane og skapa kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet. Foreldrerådet har årsmøte (felles foreldremøte om våren. Her vert årsmelding og rekneskap for forrige år lagt fram.
§ 2 Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU)
Foreldrerådets arbeidstuvalg (FAU) er eit arbeidsutval valt av foreldrerådet og er det utøvande organet for foreldrerådet. FAU er bindeleddet mellom foreldra og skulen. FAU skal sikre reell medverknad for foreldra, og ha medansvar for at læringsmiljøet til elevane er trygt og godt. FAU verkar frå skulestart til skuleslutt kvart år.
§ 3 - Val og konstituering
- Kvart år vel kvar klasse to klassekontaktar. Ein av desse vert valt som klassen sitt FAU medlem.
- Klassekontaktane i 2., 4., 6., 8. og 10. klasse er faste medlemmer i FAU. Desse har møte ved skulestart/tidleg haust og konstituerar seg med leiar, nestleiar, skrivar, kasserar og styremedlemmar. Det vert også valt tre representantar til Samarbeidsutval (SU)/Skulemiljøutval (SMU).
- Klassekontaktane i 1., 3., 5., 7. og 9. klasse er varamenn for dei faste medlemmene. Det er personleg varamann med ordninga 1. klasse er vara for 2. klasse, 3. klasse er vara for 4. klasse, 5. klasse er vara for 6. klasse, 7. klasse er vara for 8. klasse og 9. klasse er vara for 10. klasse.
- Vara klassekontaktar i kvar klasse rykker opp som representant neste år, og ny vara vert valt på foreldremøte haust.
- Rektor eller representant for skuleleiinga kan delta i møte i FAU etter ynskje frå rådet.
§ 4 - Komitear
Det kan velgjast underkomitéar for FAU som arbeider med nærare definerte oppgåver eller prosjekt.
§ 5 - Møte
FAU har møte 2-4 gonger i halvåret eller når minst tre medlemmer krev det. Det skal lagast ein møteplan for haust og vår.
§ 6 – Oppgaver
- Jobbe for eit godt skulemiljø
- Informera og høyra alle foreldra/føresette om aktuelle saker
- Ta initiativ til sosiale aktivitetar for elevane
- Arrangera samlingar for/saman med elevar, foreldre og lærarar
- Samarbeide med elevrådet, SU/SMU, rektor og lærarar
- Skapa kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet
§ 7 - Økonomi
FAU har disposisjonsrett over midlar som kjem inn på arrangement i regi av foreldrerådet/FAU. Midlane kan berre verta brukt til føremål som kjem skulen sine elevar direkte til gode. Rekneskap vert lagt fram på årsmøtet i foreldrerådet saman med årsmelding.
§ 8 - Teieplikt
Forvaltningslova sine bestemmelser om taushetsplikt, gjeld for foreldrekontaktar og medlemmer av skulen sine rådsorgan FAU, SU, SMU (Opplæringsloven § 15 - 1).
§ 9 - Endringar av vedtektene
Vedtektene vert gjennomgått i FAU ved oppstart av nytt år. Forslag til endringar i vedtektene må sendast skriftleg til FAU. Endringane vert teke opp og vedteke/ikkje vedteke på møte i foreldrerådet. Endring krev 2/3 fleirtal.