Skal du flytta eller ynskjer å bytta skule?Flytting som medfører byte av skule, må meldast til skulen der eleven går. Sist endra 03.08.2026 14:18 FlyttingForeldre eller føresette har ansvar for å gi beskjed til skulen om eleven skal flytta og dette medfører byte av skule. Det er skulen som så har ansvar for å melda eleven inn på den nye skulen. Dersom du flyttar ut av skulekrinsen, men ynskjer at eleven skal fortsette på same skule sjå informasjon under.Søka anna skule enn nærskulenForeldre eller føresette kan søka eleven inn på ein annan skule enn nærskulen. Kommune gjer ei samla og konkret vurdering i kvar enkelt sak ut i frå søknad. Foreldre/føresette tek kontakt med nærskulen til eleven om at dei ynskjer å byte skule. Føresetnader som må ligge til grunn er at det ikkje påfører kommunen meirkostnadar som utlegg til skyss, klassedeling m.m. Foreldra/føresette må i tilfelle dekka skyss sjølv.Søknad skal sendast tilSkriv til ossUllensvang kommuneOpheimsgata 31, 5750 OddaLover og reglarLov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 2-6