Kva kan du få hjelp til?
Psykologen hjelper barn, unge og familiar med lette til middels psykiske utfordringar. Dette kan til dømes vera:
- teikn på angst eller depresjon
- vanskar med å delta på skulen eller i fritida
- bekymring for korleis barnet utviklar seg og trivst
- vanskar med samspel og kommunikasjon i familien
- akutte hendingar og store belastningar
Hovudoppgåva til psykologen er å rettleie dei som jobbar med barn og unge til dagleg (som tilsette i barnehage, skule og helsestasjon), men psykologane har også samtalar direkte med barn og foreldre. Psykologen har teieplikt.
Kven kan få tilbodet?
Tilbodet gjeld for barn og unge i alderen 0 til og med 23 år, og familiane deira.
Slik får du tilbodet
Du kan ikkje kontakte psykologen direkte. Viss du trur de treng hjelp frå psykolog, må du vende deg til tilsette i kommunen som kjenner barnet.
- Ta kontakt med helsesjukepleiar, skulen, barnehagen, barnevernet, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) eller forvaltningskontoret.
- Fortell om utfordringane dykkar.
- Dei hjelper dykk vidare og tek kontakt med psykologen dersom det er behov for det.
Kva kostar det?
Tilbodet er heilt gratis.
Nyttige lenkjer