Barnekoordinator

Barnekoordinator skal sikra meir samanhengande og betre koordinerte tenester til barn og ungdommar som har alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne.

Kven kan få tilbodet?

Barn under 18 år med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne og som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenestar og andre velferdstenestar.

Barnekoordinator kan innvilgast før fødsel, og det er ikkje eit vilkår at barnet har fått ein diagnose. Kommunen si plikt til å tilby barnekoordinator gjeld fram til barnet er 18 år. kommunen kan velgja å forlenga tenesta også utover fylte 18 år. 

Kva gjer ein barnekoordinator

  • Ein barnekoordinator kan hjelpa familien med å:
  • ha oversikt over og koordinera dei tenestene de og barnet har kontakt med. 
  • gi informasjon og rettleiing om relevante helse- og omsorgstenester, slik at de enklare får oversikt over rettar og pliktar. 
  • gi informasjon om nødvendige velferdstenestar og frivillige brukarorganisasjonar. 
  • få tydeleg fram stemma til barnet slik at barnet sjølv fritt får formidla kva som blir opplevd som god og nyttig hjelp. 
  • sjå til at det er framdrift i arbeidet med individuell plan, dersom barnet har det.  
  • styrke det tverrfaglege samarbeidet ved mellom anna å delta i koordineringsmøte. 
  • gi rettleiing slik at de kan medverke til avgjerder knytt til saka til barnet.

Slik søkjer du

Du kan søkje om koordinator ved å sende inn søknadsskjema eller ved å kontakte tildelingskontoret.

Barnekoordinator er ikkje ei teneste du kan søkje på, men du  skriv det som ein merknad  i søknaden.

Søk om Individuell plan (IP)

Søk om IP - Individuell plan (pdf)

Pdf skjema er generert ut frå det digitale skjemaet. Av den grunn kjem nokre felt dobbelt opp – du treng ikkje fylla ut informasjon x 2 i skjema.

Papirskjema skal sendast til: 
Ullensvang kommune v/Helse og omsorg
Avdeling for Forvaltning og koordinering 
Opheimsgata 31
5750 Odda

Søknadsfrist

Det er inga fast søknadsfrist, søknader blir behandla fortløpande.

Kva skjer videre?

Barnekoordinator vert tildelt etter ei heilskapleg- og fagleg vurdering. 

Svar på søknad får du via digital post. Om du har reservert deg mot digital post svarer vi deg via brevpost. 

Klage

Dersom du meinar du har rett på barnekoordinator og ikkje fått det, kan du klage til Statsforvaltaren.

Viser til pasient- og brukerrettighetsloven § 7-2 Klage.

Lover og reglar