Utne barnehage

Barnehagen ligg i sentrum av Utne, med eit rikt nærområde – ikkje berre fantastisk natur og turområder, men og gardar, fjorden, ferja- og båttrafikk, matbutikk, legekontor, museum, Utne hotell og kyrkja. Me er opptekne av at barna blir godt kjende med nærmiljøet sitt.

Bilete av barnehage med fjord og fjell i bakgrunnen. Bilete. - Klikk for stort bilete Sigrid Digranes Dagestad

Opningstid

kl. 06.50 – 16:15

Om barnehagen

Ein god start – gje alle barna i barnehagen opplevinga av den gode barndom. 

Utne barnehage har to avdelingar og er godkjent for 36 plassar. Raud avdeling er for barn frå 3-6 år og Blå avdeling med barn frå 10 månader – 3 år. Avdelingane har felles kjøken, der me lagar brød nesten kvar dag, havregraut til frukost kvar dag og varm fiskelunsj minst ein dag i veka.

Årsplan for barnehagen

Her finn du oss