Årsplan for Utne barnehage 2026 - 2027

Vedteke i Samarbeidsutvalet for Utne barnehage, 19.06.2026

Bilete av barnehagen med utsyn utover fjorden. Bilete. - Klikk for stort bilete Lene Vie Nordeide

Innleiing

Hovudoppgåver for barnehagen

Barnehagen skal vera ei pedagogisk verksemd som skal planleggjast og vurderast. Barn og foreldre har rett til å medverka i desse prosessane. Målet med barnehagen som pedagogisk verksemd er å gje barna eit tilrettelagt tilbod i tråd med barnehagelova og rammeplanen. For å oppnå dette skal barnehagen vera ein lærande organisasjon, og det pedagogiske arbeidet skal vera forankra i barnehagelova og rammeplanen.

Organisering av barnehagen

Utne barnehage er ein to-avdelings barnehage, godkjend for 36 plassar. Barnehagen ligg sentralt på Utne, med eit rikt nærområde. Me har fantastisk natur rundt oss, og nyttar denne både til korte og lengre turar.

Rundt oss finn me òg fjorden, gardar, ferje- og båttrafikk, matbutikk, legekontor, bibliotek, Hardanger folkemuseum, Utne hotell og kyrkja. Barnehagen er oppteken av samarbeid med nærmiljøet, og har mellom anna faste opplegg med museet og biblioteket. Kvardagen er prega av leik, læring og glede, og dei tilsette er aktive, tydelege og trygge vaksne. Me deler ofte barna inn i mindre grupper, slik at kvart enkelt barn skal kjenna seg trygt, trivast og meistre ut frå eigne føresetnader.

Barnehagen har eit særskilt fokus på mat og måltid, og me serverer alle måltid i barnehagen (frukost, lunsj og frukt/grønt). Me bakar vårt eige barnehagebrød og har smørelunsj fire dagar i veka. Ein dag i veka har me varmlunsj med fokus på fisk. Til frukost får barna servert havregraut med ulik lokal topping.

Me har ei stabil personalgruppe som barna kjenner godt, med utdanna barnehagelærarar og spesialpedagog i full stilling som arbeider både med vedtak og førebyggjande arbeid.

Gjennom året ønskjer me òg å gje barna kjennskap til kulturar og tradisjonar som er ein del av den felles kulturarven vår, mellom anna samisk kultur og tradisjonar.

Visjon og mål

Visjonen til Utne barnehage

Ein god start - tryggleik, leik og læring - ein barndom full av moglegheiter

Utne barnehage skal vera ein plass der alle skal oppleva å vera ein del av fellesskapen, oppleva glede og meistring, uavhengig av bakgrunn. Me ønskjer å fremja respekt for mangfald og gje barna kjennskap til ulike kulturar, tradisjonar og levesett, mellom anna samisk kultur som ein del av vår felles kulturarv.

Måla for barnehagen

  • Barna i Utne barnehage skal trivast og ha eit godt og utviklande leike- og læringsmiljø.
  • Føresette i Utne barnehage skal oppleva at dei har eit godt barnehagetilbod for seg og barna.
  • Dei tilsette skal trivast og arbeida for barna sitt beste, med fokus på det einskilde barnet og barnegruppa.
  • Barna i Utne barnehage skal ha venner og oppleva å høyra til i fellesskapet.
  • Barna i Utne barnehage skal få medverka og verta anerkjende for den dei er.
  • Barna i Utne barnehage skal møta eit miljø som er prega av meistring, glede, humor, kreativitet og omtanke for fellesskapet.
  • Barna i Utne barnehage skal utvikla respekt for mangfald og få kjennskap til ulike kulturar og tradisjonar, mellom anna samisk kultur og tradisjonar.

Hovudoppgåver

Barn og barndom

Barnehagen skal anerkjenna og ivareta barndomen sin eigenverdi. I Utne barnehage er me opptekne av å gje alle barn opplevinga av den gode barndomen. Barnesynet vårt tek utgangspunkt i at kvart barn er kompetent og eit likeverdig medmenneske. Barna lærer og utviklar seg i samspel med andre, og dei vaksne skal leggja til rette for dette. Barna skal møtast med respekt og empati.

Me er bevisste på at barn skal få vera barn. Leik er noko av det viktigaste me gjer i barnehagen, og dei vaksne har fokus på gode relasjonar i leiken. Me ønskjer at både barn og vaksne skal trivast og ha eit godt og utviklande miljø.

Slik ser ein dette i praksis: 

  • Dei tilsette er støttande og til stades og ser kvart enkelt barn sine behov.
  • Dei tilsette legg til rette for meistring ut frå der barnet er i utviklinga si.
  • Dei tilsette legg til rette for utvikling, både for individet og for fellesskapen.
  • Barna får medverka i sin eigen kvardag.
  • Dei tilsette arbeider for å skapa eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø.
  • Dei tilsette og føresette har eit tett og ope samarbeid.
  • Me har eit innbydande fysisk leikemiljø.

Demokrati

I følgje rammeplanen skal barnehagen fremja demokrati og vera eit inkluderande fellesskap. Mellom anna skal barna få oppleva at dei får bidra og medverka til innhaldet i barnehagen, uavhengig av kommunikasjonsevner og språk. Barna må difor få moglegheit til å ytra seg, verta høyrde og få delta. Barna skal erfara at stemma deira vert høyrd, og at innspela deira vert tekne på alvor. Når det ikkje er mogleg å gjennomføra det barna ønskjer, skal dei få ei forklaring på kvifor.

Slik ser ein dette i praksis: 

  • Me observerer og fangar opp barna sine interesser og legg til rette deretter.
  • Barna vert oppmuntra til å koma med innspel om korleis dei vil ha det i barnehagen, og får oppleva at dei tilsette høyrer på dei og tek dei på alvor.
  • Barna får bestemma konkrete ting i kvardagen.
  • Dei tilsette snakkar om demokrati på ein måte som er forståeleg for barna.
  • Dei tilsette prøver å forstå barnet sine handlingsmønster og setja seg inn i deira situasjon.
  • Dei tilsette har ei grunnleggjande forståing for barndomen sin eigenverdi.
  • Dei tilsette arbeider for eit inkluderande barnehagemiljø.
  • Dei tilsette ser ulikskapar mellom barna som ein styrke.
  • Dei tilsette ser ressursane til alle og byggjer vidare på desse.
  • Dei tilsette gjev rom for at alle barn får bidra og medverka, uavhengig av uttrykksform.

Mangfald og gjensidig respekt

I barnehagen skal me fremja respekt for menneskeverdet ved å synleggjera, verdsetja og fremja mangfald og gjensidig respekt. Barna skal få oppleva at det finst mange måtar å tenkja, handla og leva på. I Utne barnehage gjev me rom for ulikskapar, og alle skal oppleva at dei har sin plass i fellesskapen. Alle barn er ulike og har ulik bakgrunn.

Me markerer ulike høgtider og synleggjer ulike kulturar. Samane sin nasjonaldag er ein naturleg del av dette, og barna skal få kjennskap til samisk kultur, tradisjonar og levesett. Me synleggjer òg eit mangfald i familieformer og sørgjer for at alle i barnehagen får spegla sin familie. Alle barn skal kjenna seg sette og anerkjende ved at dei tilsette møter dei på ein inkluderande måte og arbeider for å inkludera det enkelte barnet i fellesskapen. Dei tilsette har eit ansvar for å etablera gode relasjonar til barna, verdsetja kvart enkelt barn og gleda seg over det dei bidreg med inn i fellesskapen.

Slik ser ein dette i praksis: 

  • Samtala og undra oss saman med barna om likskapar og ulikskapar i dagleg dialog.
  • Anerkjenna likskapar og ulikskapar i barnehagen.
  • Familieplakatar
  • Synleggjera eit mangfald i familieformer.
  • Sjå og snakka om kvar barna bur.
  • Markera viktige høgtider i dei religionane som er representerte i gruppa.
  • Markera samane sin nasjonaldag og gje barna kjennskap til samisk kultur, tradisjonar og levesett.
  • Nytta bøker, songar, forteljingar og aktivitetar som formidlar samisk kultur.
  • Sjå ulikskap som ein styrke.
  • Arbeida for at me skal akseptera og respektera at me er ulike.
  • La alle barna få vera i fokus, mellom anna gjennom vekas hjelpar og barnesamtalar.
  • Ha fokus på lokale tradisjonar og kulturar.

Likestilling og likeverd

Likestilling handlar om relasjonar og om å sjå og leggja forholda til rette for ei pedagogisk verksemd som ikkje reproduserer tradisjonelle kjønnsrollemønster. Alle barn skal ha like moglegheiter til å bli sette og høyrde, og barnehagen må leggja til rette for at barna vert oppmuntra til å delta i fellesskapen. Dette betyr ikkje at alle skal vera like, men at alle skal ha like moglegheiter.

Me har alle med oss ulike verdiar og haldningar. Nokre er me bevisste på, andre ikkje, og alt dette vil påverka handlingane våre. I barnehagen skal me ha ein felles praksis, og dei tilsette må difor arbeida med å reflektera over eigen praksis i møte med barna. Me må stadig spørja oss korleis me kan sikra at alle barna får like moglegheiter til å læra og utvikla seg innanfor dei områda dei er interesserte i.

Slik ser ein dette i praksis: 

  • Dei tilsette har ei bevisst haldning til val av fargar, leiker, utkledingsklede, ordbruk og litteratur.
  • Dei tilsette er bevisste si rolle og er gode rollemodellar.
  • Barnehagen arbeider med vaksenrolla på eigne møte.
  • Dei tilsette har ei felles forståing av at det ikkje finst jente- og guteklede, jente- og gutefargar, jente- og guteleiker eller jente- og guteyrke.
  • Dei tilsette gjev barna eit tilpassa tilbod slik at alle kan nytta seg av det allmennpedagogiske tilbodet i barnehagen.
  • Alle barn får tilbod om same mat.
  • Alle barn får tilbod om same leiker.
  • Barnehagen synleggjer mangfald gjennom leiker og materiell, til dømes dukker med ulik etnisitet, hudfarge og funksjonsvariasjonar.
  • Dei tilsette har fokus på barnet sine gode kvalitetar.
  • Alle barn får høve til å delta ut frå eigne føresetnader – like moglegheiter, men ulike utgangspunkt.
  • Me synleggjer ulike tradisjonar og høgtider som er representerte i barnehagegruppa, og andre kulturuttrykk.
  • Me arbeider med sosial kompetanse i alle kvardagssituasjonar og tilrettelagde aktivitetar.
  • Me nyttar ulike opplegg og digitale hjelpemiddel som kan vera med på å fremja språk.

Berekraftig utvikling

Barnehagen har eit stort fokus på berekraftig utvikling. Med det meiner me at me menneske skal dekkja dagens behov utan å øydeleggja moglegheitene for at komande generasjonar skal få dekt sine behov. Me vaksne har ei viktig oppgåve i å læra barna om dette, mellom anna korleis me tek vare på oss sjølve, naturen og omgivnadene rundt oss. Me nyttar nærmiljøet mykje i dette arbeidet.

Målet er å bidra til at barna vert glade i naturen, kjenner seg heime i han og ønskjer å ta vare på han, slik at menneska som kjem etter oss, skal få oppleva det same. Nyfikne og undrande barn vil ta med seg desse erfaringane vidare i livet og kunna nytta naturen og ressursane på ein god og berekraftig måte.

Slik ser ein dette i praksis: 

  • Dei tilsette har fokus på å skapa gode vanar som barna kan ta med seg vidare i livet.
  • Barna får erfaring med gjenbruk og bruk av naturmateriale i ulike aktivitetar.
  • Me tek vare på leiker og utstyr slik at dei varer lenge.
  • Me er bevisste på kor mykje mat me kastar, og reflekterer over korleis me kan minska matsvinnet.
  • Me nyttar Bokashi til matsortering.
  • Me kjeldesorterer.
  • Barna får kjennskap til naturen som ressurs og til verdien av kortreist mat.
  • Me dyrkar våre eigne grønsaker i kjøkenhagen.
  • Me er undrande, interesserte og nysgjerrige vaksne.
  • Me legg til rette for gode naturopplevingar slik at barna trivst og ønskjer å ta vare på naturen og miljøet.
  • Me gjer barna bevisste på samanhengar, til dømes kva som kan skje dersom det ligg boss i naturen.
  • Me arbeider med gjenbruk.
  • Barna er med og plukkar boss på tur.
  • Barna får kjennskap til korleis samisk kultur tradisjonelt har levd i nær samspel med naturen, og korleis naturressursar kan nyttast på ein berekraftig måte.

Livsmeistring og helse

I Utne barnehage legg me vekt på tryggleik og trivsel. Det er viktig at barna får ei oppleving av tryggleik heilt frå starten, og at me arbeider for at barna skal trivast i barnehagen. Me legg vekt på glede i kvardagen og aktivitetar som skaper glede og godt humør.

Barnehagen skal ha ein helsefremjande og førebyggjande funksjon og bidra til å jamna ut sosiale skilnader. Livsmeistring handlar om å utvikla ferdigheiter og tileigna seg praktisk kunnskap som hjelper den enkelte til å handtera medgang, motgang, personlege utfordringar, alvorlege hendingar og konfliktar på best mogleg måte. Gjennom å ha fokus på livsmeistring og helse skal me førebyggja krenking og mobbing, og førebyggja og oppdaga barn som er utsette for omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep.

Like viktig som den fysiske helsa er den psykiske helsa. Barnehagen skal bidra til barna si trivsel, livsglede, meistring og kjensle av eigenverd.

Slik ser ein dette i praksis: 

  • Me legg til rette for at alle barn skal oppleva meistring.
  • Dei tilsette tilpassar aktivitetar etter det enkelte barnet si utvikling og stiller krav som gjer at barna vert utfordra, samstundes som dei får oppleva meistring.
  • Dei tilsette stiller tydelege og forståelege forventningar.
  • Dei tilsette arbeider for å skapa eit trygt og inkluderande miljø der alle barn opplever tilhøyrsle.
  • Me legg til rette for fysisk aktivitet, leik og gode måltid som fremjar helse og trivsel.
  • Dei tilsette støttar barna i å setja ord på kjensler og utvikla gode relasjonar til andre.

Verdiar

Verdiane våre byggjer på rammeplanen for barnehagar, årsplanen og dei tilsette sine verdiar, og skal spegla den daglege drifta i barnehagen. Gjennom felles refleksjon har me kome fram til kva desse verdiane betyr for oss i praksis, og korleis dei skal koma til uttrykk i kvardagen i Utne barnehage.

Omsorg

Det viktigaste for barn si trivsel, utvikling og læring er å kjenna seg trygge. For å skapa tryggleik for barna treng me vaksne som syner omsorg, rettleier, set grenser og er gode førebilete gjennom haldningar og veremåte. Dei tilsette arbeider for å vera vaksne som ser barnet som eit unikt og kompetent menneske som medverkar i sin eigen kvardag. I Utne barnehage skal alle barn oppleva at dei vert sette, høyrde, forstått og respekterte, og dei skal få den hjelpa og støtta dei treng.

Slik ser ein dette i praksis: 

  • Dei tilsette har fokus på å byggja gode og trygge relasjonar med barna.
  • Dei tilsette ser kvart enkelt barn og deira ulike behov.
  • Barna vert møtte på sine premiss og ut frå sine føresetnader.
  • Dei tilsette er varme og trygge vaksne.
  • Dei tilsette oppmuntrar og støttar barna til å uttrykkja kjenslene sine.
  • Dei tilsette er sensitive for det barna uttrykkjer, og følgjer opp behovet deira for omsorg.
  • Dei tilsette er tilgjengelege og til stades i kvardagen til barna.
  • Alle barn skal oppleva å bli møtte med respekt, omsorg og anerkjenning.

Leik og læring - hand i hand

For barn er leiken ein naturleg tilstand og eit mål i seg sjølv. Gjennom leiken utforskar og prøver barnet ut evna si til omsorg, handling, mot og innleving. Difor er det viktig å ikkje berre sjå leiken som eit pedagogisk verkemiddel for å fremja læring og utvikling.

Nyare forsking viser at leiken er noko av det som i størst grad fremjar barna si utvikling, og at leik og utvikling påverkar kvarandre gjensidig. Barn som har lite erfaring med leik, eller manglar kunnskap om leik, kan ha vanskar med å forstå leikesignal og delta i leiken og fellesskapen.

Dei tilsette må vera støttande vaksne som hjelper barna med å finna ulike måtar å leika på og koma inn i leiken på. Grunnleggjande for dette arbeidet er at barna kjenner seg trygge og verdsette, slik at dei torer å prøva, utforska, oppdaga og lytta til det andre formidlar. Samstundes er det viktig å arbeida for eit inkluderande og aksepterande miljø i barnegruppa.

Slik ser ein dette i praksis: 

  • Dei tilsette er støttande vaksne i leiken og hjelper barna med å finna ulike måtar å leika på og koma inn i leiken på.
  • Dei tilsette vernar om leiken og er bevisste på leiken sin verdi.
  • Dei tilsette er tilgjengelege i leiken, både som deltakande vaksne, observatørar og rettleiarar.
  • Det fysiske miljøet er tilrettelagt for ulike typar leik, og barna har tilgang til eit variert utval av leiker og materiell.
  • Dei tilsette observerer kva barna er interesserte i, og tilrettelegg rom og miljø ut frå dette, samtidig som dei inspirerer barna til å vidareutvikla leiken. 
  • Dei tilsette har gode rutinar for observasjon, slik at det vert fanga opp dersom barn har behov for ekstra støtte.
  • Dei tilsette har god dialog med føresette om kva og med kven barnet deira leikar.
  • Dei tilsette arbeider for at alle barn skal oppleva glede, meistring og tilhøyrsle i leiken.

Danning

Danning er ein prosess som går føre seg heile livet og handlar mellom anna om å utvikla evna til å reflektera over eigne handlingar og veremåtar. Det handlar om å setja barna i stand til å tenkja sjølv, søkja kunnskap, reflektera over og vurdera etablerte sanningar, stilla spørsmål og yta motstand på eigne og andre sine vegner.

Danning handlar om å utvikla kunnskap, verdiar og haldningar saman, gjennom dialog der alle vert anerkjende som sjølvstendige menneske med kjensler og tankar i ein felles prosess. Gjennom danning skal barna få utvikla evna til å ta omsyn til andre, visa respekt og delta aktivt i fellesskapen.

Slik ser ein dette i praksis: 

  • Dei tilsette syner respekt for barna sin kommunikasjon og interesse for det barnet uttrykkjer.
  • Dei tilsette reflekterer saman med barna.
  • Dei tilsette har fokus på å gje barna ei god sjølvkjensle.
  • Dei tilsette oppmuntrar barna til å stilla spørsmål, undra seg og dela eigne tankar.
  • Dei tilsette legg til rette for gode samtalar og møte mellom barn og vaksne.
  • Dei tilsette hjelper barna til å visa omsyn, ta ansvar og respektera andre.

Vennskap og fellesskap

Barnehagen er ein viktig del av barna sin sosialiseringsprosess. Dette handlar om å utvikla seg som individ og om å fungera i gruppe og i samspel med andre. Eit aktivt og tydeleg personale er nødvendig for å skapa eit varmt og inkluderande sosialt miljø. Å anerkjenna, skapa tillit og tryggleik er grunnleggjande for utvikling av sosial kompetanse.

Sosial kompetanse er eit sett av ferdigheiter, kunnskapar og haldningar me treng for å meistra ulike sosiale miljø (KD, 2017). Det handlar mellom anna om å kommunisera og samhandla godt med andre i ulike situasjonar. Eit barn som samhandlar godt med andre, kan både tilpassa seg fellesskapen og vera ein synleg deltakar som tek sin plass.

Å vera venner er å møtast i ein relasjon der den einskilde opplever å verta akseptert og verdsett for den han eller ho er. Også dei yngste barna har sterke vennskapsrelasjonar, og mange barn gjev uttrykk for at det beste med barnehagen er å få møta andre barn og leika med venene sine. Vennskap bidreg til ei kjensle av deltaking og fellesskap, som igjen styrkjer sjølvkjensla. Å høyra til i ei gruppe gjev barna tryggleik og sosial tilknyting. Opplevingar saman med andre barn kan vera vegen inn i nye vennskap, og det å etablera og oppretthalda vennskap er ein viktig del av sosialiseringsprosessen.

Slik ser ein dette i praksis:

  • Dei tilsette arbeider aktivt for å skapa eit trygt og inkluderande fellesskap.
  • Dei tilsette støttar barna i å etablera og oppretthalda vennskap.
  • Dei tilsette er tilgjengelege og støttar barna i leik og samspel.
  • Me arbeider med sosial kompetanse i kvardagssituasjonar og gjennom tilrettelagde aktivitetar.
  • Me legg til rette for at alle barn skal oppleva tilhøyrsle, deltaking og meistring.
  • Dei tilsette er gode rollemodellar og hjelper barna med å løysa konfliktar på ein god måte.
  • Me har fokus på å inkludera alle barn i leik og fellesskap.

Medverknad i planlegging av barnehagen si verksemd

Barna sin medverknad

Barn som vert lytta til og tekne på alvor, vert motiverte for læring og utviklar tillit til seg sjølve og andre. Personalet skal ta utgangspunkt i barna sine interesser, initiativ og uttrykksmåtar, og vera autoritative vaksne.

Barna skal oppleva at dei får utøva sjølvbestemming og uttrykkja eigne ønskje og intensjonar. Samstundes skal dei øva på å regulera eigne kjensler, ta omsyn til omgjevnadene og sjå andre sine behov. I Utne barnehage er relasjonen mellom vaksen og barn likeverdig, men ikkje likestilt. Det inneber at den vaksne og barnet er like mykje verd, men at det er den vaksne som har ansvar for relasjonen.

Me arbeider for at barna jamleg skal få høve til å delta aktivt i planlegging og vurdering av kvardagen i barnehagen. Me er bevisste på barna sine ulike uttrykksformer og legg til rette for medverknad på måtar som er tilpassa alder, erfaringar, individuelle føresetnader og behov.

For dei eldste barna er ulike typar samtalar, barnesamtalar og møte i formelle og uformelle situasjonar viktige arenaer for å få innblikk i deira tankar, meiningar og opplevingar.

Slik ser ein dette i praksis:

  • Dei tilsette tek utgangspunkt i barna sine interesser og initiativ.
  • Barna får påverka innhaldet i kvardagen gjennom val, innspel og samtalar.
  • Dei tilsette er lydhøyrde for barna sine ulike uttrykksmåtar.
  • Barna får oppleva at meiningane deira vert tekne på alvor.
  • Me legg til rette for medverknad ut frå alder, modnad og individuelle føresetnader.
  • Dei eldste barna får høve til å delta i barnesamtalar og andre arenaer der dei kan uttrykkja eigne tankar og meiningar.

Foreldra sin medverknad

I Utne barnehage legg me til rette for eit godt samarbeid og ein god dialog mellom barnehagen og heimen, både på individnivå og gruppenivå. På individnivå tilbyr me foreldresamtalar to gonger i året, og me har låg terskel for å ta kontakt dersom det er noko. Den daglege kontakten ved levering og henting er den viktigaste arenaen for kommunikasjon mellom heim og barnehage. Barnehagen nyttar Visma si barnehageapp til kommunikasjon mellom barnehagen og heimen, og til deling av «dagen i dag».

På gruppenivå har me to foreldremøte i året, eitt om hausten og eitt om våren.

I tillegg til at foreldra har forventningar til barnehagen, har barnehagen òg forventningar til foreldra. Eit godt samarbeid mellom heim og barnehage er viktig for at barna skal trivast og utvikla seg.

Barnehagen forventar at foreldra:

  • deltek på foreldremøte og møter til foreldresamtalar
  • bidreg til eit godt samarbeid mellom barnehagen og heimen
  • er med på å skapa eit godt barnehagemiljø for alle barn og familiar

Foreldrerådet består av alle foreldre og føresette som har barn i barnehagen, og skal fremja fellesinteressene til foreldra og føresette.

Samarbeidsutvalet (SU) er eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. SU består av foreldrerepresentantar, styrar, representantar frå personalet og ein representant frå kommunen.

Annan informasjon

Vurdering av pedagogisk arbeid i barnehagen

«Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd som skal planleggjast og vurderast. Barn og foreldre har rett til å medverke i desse prosessane. Målet med barnehagen som pedagogisk verksemd er å gje barna eit tilrettelagt tilbod i tråd med barnehagelova og rammeplanen. For å oppnå dette skal barnehagen vere ein lærande organisasjon, og det pedagogiske arbeidet skal vere forankra i barnehagelova og rammeplanen.» (KD, 2017).

Personalet i Utne barnehage planlegg tema og aktivitetar ut frå barna sine interesser og innspel. Planlegginga er basert på observasjon, dokumentasjon, refleksjon og samtalar med barna.

Årsplanen er eit arbeidsreiskap for personalet og dokumenterer vala og grunngjevingane til barnehagen. Han skal synleggjera korleis barnehagen arbeider for å omsetja formålet og innhaldet i rammeplanen og lokale tilpassingar til pedagogisk praksis. Årsplanen vert godkjend av samarbeidsutvalet (SU).

Barnehagen skal jamleg vurdera det pedagogiske arbeidet gjennom å beskriva, analysera og tolka det i lys av planar, rammeplanen og lovverket. Formålet er å sikra at alle barn får eit tilbod som er i tråd med barnehagelova og rammeplanen.

Vurderingsarbeidet byggjer på refleksjonar der heile personalgruppa er involvert. Personalet må ha kunnskap om den allsidige utviklinga og trivselen til det einskilde barnet, og vurderingsarbeidet skal bidra til utvikling og kvalitet i barnehagen.

Tilvenning av nye barn

Ei god tilvenning i barnehagen er viktig for at barnet skal få ein best mogleg start i den nye kvardagen. Ein mjuk start legg grunnlaget for ein trygg og god barnehagekvardag. Det er store individuelle skilnader på kor raskt barn vender seg til nye omgjevnader. Nokre barn finn seg raskt til rette, medan andre treng meir tid. Dette finn me ut av i samarbeid med heimen når barnet startar i barnehagen.

Ein god start for både barn og foreldre er viktig, og ein gjensidig og varm kommunikasjon mellom personalet og føresette vil ha positiv innverknad på barnet sin trivsel. Når personalet ser barn og foreldre saman, får dei viktig informasjon om barnet sine vanar og korleis barnet kommuniserer. Denne kunnskapen gjer det lettare å kjenna att signala til barnet og forstå behova det har.

Slik ser ein dette i praksis: 

  • Pedagogisk leiar sender ut velkomstbrev i god tid før barnet startar i barnehagen.
  • Foreldre og barn kan koma på besøk i forkant av tilvenninga.
  • Dei tilsette er tett på barnet og held kontakt med føresette for å fortelja korleis barnet har det.
  • Me gjennomfører oppstartsamtale med føresette.
  • Tilvenninga vert tilpassa det enkelte barnet og familien sine behov.
  • Dei tilsette legg vekt på å skapa trygge relasjonar mellom barnet, føresette og personalet.

Overgong mellom avdelingar

I Utne barnehage er me mykje saman på tvers av avdelingane, og det vert bygd tryggleik og tillit mellom barn og personale. Barna som skal over på ny avdeling, får god tid til å verta kjende med både den nye avdelinga og dei tilsette som arbeider der.

Om våren, før overgangen til ny avdeling, får barna vera med på turar og aktivitetar saman med den nye gruppa. Ved starten av nytt barnehageår vert det sett av tid til å verta kjend med barna, dei tilsette og rutinane på den nye avdelinga, og til å finna sin plass i gruppa.

Slik ser ein dette i praksis:

  • Barna er jamleg saman på tvers av avdelingane gjennom leik og aktivitetar.
  • Barna som skal byta avdeling, får god tid til å verta kjende med den nye avdelinga og dei tilsette.
  • Om våren deltek barna på turar og aktivitetar saman med den nye gruppa.
  • Dei tilsette samarbeider om å leggja til rette for ein trygg og god overgang.
  • Ved nytt barnehageår vert det sett av tid til å verta kjend med nye rutinar, barn og vaksne.

Samarbeid med Hauso skule

Barnehagen skal, i samarbeid med foreldra og skulen, leggja til rette for at overgangen frå barnehage til fyrste klasse og SFO vert trygg og god.

På vinteren og våren er det innskriving på skulen. Etter påske er Klubben på besøk på skulen saman med fyrste klasse. Barna deltek på minst tre skulebesøk, der dei mellom anna får vera med på ein utedag, delta i stasjonsundervisning og helsa på fadrane sine.

Pedagogisk leiar og/eller styrar har eit møte med kontaktlærar for komande fyrste klasse og rektor på forsommaren. Målet med møtet er å leggja til rette for ein best mogleg overgang frå barnehage til skule for kvart einskilt barn.

Det er utarbeidd ein plan for overgang mellom barnehage og skule i Ullensvang kommune. Planen er tilgjengeleg på nettsida til Betre innsats: ullensvang.betreinnsats.no

Slik ser ein dette i praksis:

  • Klubben deltek på fleire skulebesøk i løpet av våren.
  • Barna får verta kjende med skulen, uteområdet og fadrane sine.
  • Barnehagen samarbeider med skulen om å leggja til rette for ein trygg overgang.
  • Pedagogisk leiar og/eller styrar har overgangsmøte med skulen.
  • Overgangen tek utgangspunkt i den kommunale planen for overgang mellom barnehage og skule.