Utne barnehageEin god start – gje alle barna i barnehagen opplevinga av den gode barndom. Opningstidkl. 06.50 – 16:15Om barnehagenBarnehagen ligg i sentrum av Utne, med eit rikt nærområde – ikkje berre fantastisk natur og turområder, men og gardar, fjorden, ferja- og båttrafikk, matbutikk, legekontor, museum, Utne hotell og kyrkja. Me er opptekne av at barna blir godt kjende med nærmiljøet sitt.Utne barnehage har to avdelingar og er godkjent for 36 plassar. Raud avdeling er for barn frå 3-6 år og Blå avdeling med barn frå 10 månader – 3 år. Avdelingane har felles kjøken, der me lagar brød nesten kvar dag, havregraut til frukost kvar fredag og varm fiskelunsj minst ein dag i veka.Årsplan for barnehagen (PDF, 2 MB)Samarbeidsutvalet (SU)Leiar: Siri Kolstø AarekolReferat frå møteBarnehageloven: §4. Foreldreråd og samarbeidsutvalgHer finn du oss