Sekse barnehage og SFO

Tryggheit, trivsel og meistring – alltid for alle.

Opningstid

  • Opningstid for barnehage: kl. 07.00 – 16.15
  • Opningstid for SFO: Elevane kjem med bussen etter skuletid og SFO er opent til kl. 16.00

Elevar frå Opedal skule kan nytte seg av SFO tilbod ved Sekse barnehage og SFO. Føresette kan søkje om gratistilbod G12 for barn i 1., 2., og 3. klasse. Då må barna vera henta innan desse tidene: Måndag – torsdag: kl. 15.25,  fredag: kl. 14.00

Om barnehagen og SFO

Sekse barnehage og SFO har to avdelingar, og i tillegg har me SFO-tilbod på ettermiddagstid. Bygget, som er den gamle skulen på Sekse ligg plassert midt i smørauga mellom fjord, fjell og frukttre i kommunen. 

Kvardagen er i barnehagen prega av leik, læring og glede, og personalet er opptatt av å vera trygge og tydelege vaksne. Me har fokus på små grupper for at kvart enkelt barn skal ha dei beste moglegheitene for å kjenna seg trygge, trivast og meistra ut i frå eigne føresetnader.

Heile uteområdet vårt er totalrenovert slik at det vert ein kjekk og utfordrande stad å vera.

Årsplan for barnehagen (PDF, 2 MB)

Her finn du oss