Jondal barnehageAlle barn skal oppleva at dei blir sett, forstått og respekterte, og få den hjelpa og støtta dei har behov for.Opningstidkl. 07.00 – 16.20Om barnehagenJondal barnehage har 73 barnehageplassar. Me ligg fint til midt i Jondal med skule, bibliotek, kulturskule, symje- og fleirbrukshall, eldresenter og sentrum med butikkar og ferjekai. Naturen er nær oss med elv, sjø og fjell rundt som gir oss mange fine turoppleveingar.Barnehagen arbeider for at alle barn skal oppleva å ha eit godt og trygt barnehagemiljø. Alle barn skal oppleva at dei blir sett, forstått, respekterte og inkluderte og få den hjelpa og støtta dei har behov for. Dei skal oppleva glede og mestring, hjå seg sjølve og andre som viktige for fellesskapet. Barna skal oppleva fokus på framsteg, ikkje resultat. Barna skal få undersøka, oppdaga og forstå samanhengar, utvida perspektiv og få ny innsikt.Årsplan for barnehagen (PDF, 8 MB)Samarbeidsutvalet (SU)Leiar: Christine Haldorsen HolmReferat frå møteBarnehageloven: §4. Foreldreråd og samarbeidsutvalgHer finn du oss