Vibeke Eitrheim
Innleiing
Velkomen til Eitrheimsvågen barnehage!
Eitrheimsvågen barnehage har 114 plassar fordelt på 6 avdelingar. Barnehagen ligg på Eitrheim i Odda og har fine naturområde, leikeplassar, ballbinge og fotballbane i nærleiken som vi nyttar oss av. Barnehagen består av to hus, Eitrheim og Vågateigen, som ligg omslutta av eit stort uteareal med god plass til leik og samver.
Vi organiserer oss i år på avdelingane Eple, Knerten og Tiriltoppen, med barn i alderen 0–3 år. Avdelinga Plomme har barn frå 2–4 år, og avdelinga Pære har barn frå 4–6 år.
Vi har visjonen:
Eitrheimsvågen barnehage, eit godt sted å vera, leika og læra!
Barnehagen arbeider med å skapa eit inkluderande barnehagemiljø i tråd med Rammeplanen for barnehager som sier at barnehagen skal sikre «at alle barn føler seg sett og anerkjent for den de er og synliggjøre den enkeltes plass og verdi i fellesskapet» (Kunnskapsdepartementet, 2017).
Vi ynskjer å laga ein trygg kvardag for små og store gjennom relasjonsbygging i dei daglege aktivitetane, og å skapa gode rom for leik og vennskap.
Vi er opptekne av at:
Alle born og vaksne skal bli sedd, møtt og forstått gjennom samtalar som tel.
I Rammeplanen for barnehagar er kvardagssamtalen eit fundament for barnas språkutvikling, danning og medvirkning. Prinsippet om å leggje til rette for gode hverdagssamtalar famner om rammeplanens verdigrunnlag og spesielt fagområdet “Kommunikasjon, Språk og Tekst”. Vi satsar på å få i gang gode kvardagssamtalar frå vi møtest om morgonen, rundt kvardagsaktivitetar og i leik.
1. Kontaktinformasjon barnehagen
Laster...
Noe gikk galt. Vennligst prøv igjen senere.
Laster...
Noe gikk galt. Vennligst prøv igjen senere.
2. Kva er ein Årsplan?
Årsplanen for 2026/2027 er eit forpliktande arbeidsverktøy for personalet. Den skal gje informasjon til føresette og fungera som eit rammeverk for systematisk kvalitetsutvikling, dokumentasjon og kontinuerleg vurdering. Den skal synleggjera korleis vi i Eitrheimsvågen barnehage arbeider mot å realisera barnehagelova. Årsplanen er eit utgangspunkt for foreldra til å påverke innhaldet i barnehagen og informasjon til eigar om det pedagogiske arbeidet i barnehagen.
3. Eitrheimsvågen barnehage sine grunnlagsdokument
- Lov om barnehagar
- Rammeplan for barnehagen
- BTI Bedre tverrfagleg innsats
- Kommunal plan for kvalitetssikring av lese- og skriveopplæringa i Ullensvang kommune
- Progresjonsplan for fagområda, Eitrheimsvågen barnehage 0–6 år
- Eitrheimsvågen sin handlingsplan mot mobbing og krenkingar
- Mat- og måltidsplan for Eitrheimsvågen barnehage
4. Barnehagen sine hovudmål
I rammeplan for barnehagar er hovudmålet til barnehagen å ivareta barna sitt behov for omsorg og leik, samt fremje læring og danning som grunnlag for ei allsidig utvikling i samarbeid med heimen.
Dei sentrale pilarene i formålet til barnehagen er:
Omsorg
Sikre tryggleik, trivsel, fysisk og psykisk velvære, samt nære og gode relasjonar.
Leik
Gje barna rikeleg med rom for leik, utfolding, skaparglede og undring, då leiken har ein egenverdi.
Læring
Stimulere nysgjerrigheit, utforskartrang og tileigning av nye erfaringar og kunnskap gjennom opplevingar i kvardagen.
Danning
Hjelpe barna til å tenkje sjølve, reflektere, vise respekt for andre og delta i eit demokratisk fellesskap.
Mangfald og respekt
Personalet skal fremje eit inkluderande miljø som motverkar diskriminering og verdset ulike kulturar og bakgrunnar.
Alt arbeid i barnehagen skal sjåast i samanheng, og samla bidra til barnet sin trivsel, sosiale kompetanse og heilskaplege utvikling.
4.1 Kva legg vi i dette?

For oss er tryggleik, trivsel og fellesskap viktige element i, og føresetnader for leik og læring. Utan tryggleik er det ingen trivsel, og utan fellesskap er det ingen tryggleik. Omsorg er nøkkelordet i høve til hovudmålet vårt. Barn har rett til, og skal møtast med, omsorg kvar dag i barnehagen.
Å delta i leik og få vener er grunnlaget for trivsel, meistering og læring hjå barna i barnehagen. Omsorg i barnehagen handlar både om relasjonen mellom personalet og barna, men og omsorg barna har for kvarandre. Å gje barn moglegheit til å gje og ta imot omsorg er grunnlaget for utvikling av sosial kompetanse, og eit viktig bidrag i det livslange læringsperspektiv. I barnehagen vår skal vi jobbe aktivt med sosial kompetanse og medverknad frå barna. Måla skal vi nå gjennom å vere profesjonelle, engasjerte og autoritative vaksne for barna.
4.2 Korleis legg vi til rette for å nå desse måla?
Det byrjar med ein eigen tilvenningsplan for Eitrheimsvågen barnehage, som skal sikre tett og god oppfølging under tilvenninga. Deretter handlar det om kvardagen til barnet.
Alle barn:
- skal oppleve å bli sedde og møtte kvar morgon. Om det er mogleg kjem ein frå personalet ut i garderoben. Viss ikkje skal barnet takast høveleg imot inne på avdelinga. Barnet skal vere i fokus!
- skal oppleve at dagen er føreseieleg og oversiktleg ved at den faste dagsrytmen/ukerytmen vår blir følgd.
- skal føle seg sakna etter at dei har vore borte.
- skal få moglegheiter til å utvikle venskap med eitt eller fleire barn.
- skal ha ein meiningsfylt kvardag som er prega av glede, humor, kreativitet og omtanke for fellesskapet.
- skal føle seg trygge på at dei blir sedde, høyrde, trøsta, takne vare på og forstått.
Personalet:
- seier hei og «ha det» til barna når dei kjem og går, og viser glede ved å sjå, og å vere saman med kvar enkelt.
- har ein omsorgsfull veremåte som er prega av nærleik, lyttande haldning, innleving og evne/vilje til samspel med barna.
- er til stades og aktivt engasjerte med barna.
- førebur barna i forkant av nye hendingar.
- legg til rette for felles opplevingar for barna.
- viser humor og glede i kvardagen.
- viser barna at dei bryr seg og er glade i dei.
- har alltid det beste for barnet som hovud fokus.
- opptrer tydeleg og varmt, og er medvitne i forhold til grensesetting i tråd med tryggleikssirkelen og prinsippa om ein autoritativ vaksen for barn.
- fangar opp og anerkjenner kjenslene til barna.
- utviklar eit godt samarbeid med foreldra. Er imøtekommande, rettleiande og anerkjennande, og er medvitne på at foreldra er ekspertar på sine barn.
Ut frå årsplanen vil arbeidet med barna bli nærare formidla i ein månadsplan som foreldra/føresatte får i Visma. Grunngjeving og evaluering for kva barna har gjort kjem i daglege og halvårlege samtalar, pedagogisk dokumentasjon, bilete og årsrapport. Foreldra har moglegheit til å påverke planane til barnehagen gjennom samtalar med personalet og deltaking i foreldreråd og SU.
5. Utvikling av språk
Språkstimulering er eit felles satsingsområde i kommunen. Dei pedagogiske leiarane har ansvar for å inkludere dei øvrige tilsette i språkarbeidet, og skal nytta kartleggingsverktøyet TRAS som eit ledd i kartlegginga av barna si språklege utvikling.
Rammeplanen for barnehagen slår fast at fagområdet «Kommunikasjon, språk og tekst» er eit sentralt satsingsområde der barnehagen skal støtte barna si språkutvikling gjennom leik, dialog og eit rikt språkmiljø.
Kva seier rammeplanen om barnehagens ansvar?
- Språkleg samspel: Barnehagen skal fremje kommunikasjon og språk gjennom dagleg dialog, samspel og leik.
- Inkludering av alle uttrykk: Barnehagen skal anerkjenne og verdsetje alle barna sine kommunikasjonsformer, inkludert teiknspråk og non-verbal kommunikasjon.
- Fleirspråklege barn: Barnehagen skal bidra til at språkleg mangfald blir ei beriking for heile barnegruppa. Personalet skal støtte fleirspråklege barn sitt morsmål, samstundes som dei byggjer opp barna si norsk- eller samiskspråklege kompetanse.
Personalet sine oppgåver:
- Vere språklege førebilete: Dei tilsette skal bruke eit rikt, presist og variert språk i møte med barna.
- Tidleg innsats: Personalet skal fange opp og støtte barn som har forseinka språkutvikling eller språkvanskar.
- Stimulere nysgjerrigheit: Dei skal leggje til rette for rim, sanger, forteljingar, samtalar og utforsking av skriftspråk (som bokstavar, teikn og lekeskrift).
I Eitrheimsvågen barnehage har vi stort fokus på tidleg og kompetent språkstimulering som allmenn førebygging. Vi har rydda plass til bibliotek i fellesarealet og har bøker og språkverktøy tilgjengelege på alle avdelingar. Vi følgjer med på barna si språklege utvikling og kartlegg systematisk utviklinga deira éin gong i året frå 2-årsalderen. Vi er merksame på at barn frå språklege minoritetar kan trenge spesiell oppfølging når det gjelder språkutvikling.
5.1 TRAS
TRAS er eit kartleggingsverktøy som er teke i bruk av alle barnehagane i kommunen med målsetjing om å auke kunnskapen om språkutviklinga til barna, slik at dei kan få individuell oppfølging og tilrettelegging. TRAS tyder tidleg registrering av språkutvikling og er eit verktøy for å kartleggje språkutviklinga gjennom observasjon i barnehagen. Ein deler utviklinga inn i meistringsgrad ved samspel, kommunikasjon, merksemd, språkforståing, språkleg medvit, uttale, ord- og setningsproduksjon. Kartlegginga gjev eit bilete av språkutviklinga slik ho framstår i barnehagen. Vi har spesialpedagogiske lærarar og logopedar i kommunen til oppfølging og kompetanseheving rundt TRAS og språkutvikling.
Rammeplanen for barnehagen (2017) seier at barnehagen skal fremje kommunikasjon og språk. Barnehagen skal vere medviten på at kommunikasjon og språk påverkar og blir påverka av alle sider ved barnet si utvikling. Gjennom dialog og samspel skal barna støttast i å kommunisere, medverke, lytte, forstå og skape meining.
Barnehagen skal anerkjenne og verdsetje barna sine ulike kommunikasjonsuttrykk og språk, herunder teiknspråk. Alle barn skal få god språkstimulering gjennom barnehagekvardagen, og få delta i aktivitetar som fremjar kommunikasjon og ei heilskapleg språkutvikling. Språkarbeid og språkstimulering skal integrerast i alle kvardagsaktivitetar og leik.
I Eitrheimsvågen barnehage fokuserer vi på språkarbeid generelt og på kvardagssamtalene spesielt. Vi har forma ein visjon vi skal strekkje oss etter.
5.2 Visjon for språkarbeid

Sett, møtt og forstått – gjennom samtalar som tel.
Denne visjonen set den vaksne sin tilstadevære i sentrum. Visjonen minner personalet på at hverdagspraten er barnet sin viktigaste arena for å føle seg som ein verdifull del av eit fellesskap.
Kvardagssamtalar er dei uformelle, spontane samtalane som oppstår naturleg gjennom dagen – for eksempel ved matbordet, under påkledning i garderoben, ved bleieskift eller midt i leiken. Samtalen skal vere i fokus gjennom heile barnehagedagen, og vi ser føre oss at måltida skal verte ein plass der samtalen kan få gode vilkår. Han er ein av dei viktigaste arenaene for barn si språkutvikling, danning og trivsel i barnehagen, og den vaksne si rolle er avgjerande for om samtalen blir lærerik og inkluderande.
5.3 Arbeidsmetodar personalet skal nytta i språkarbeidet:
Anerkjenne og respondere på barna sine ulike verbale og non-verbale uttrykk og støtte språkutviklinga deira.
Stimulere barna si verbale- og ikkje verbale kommunikasjon og leggje til rette for at alle barn blir involverte i samspel og i samtalar.
Sørgje for at alle barn får varierte og positive erfaringar med å bruke språk som kommunikasjonsmiddel, som reiskap for tenking og som uttrykk for eigne meiningar og kjensler.
Vere medvitne på sine roller som språklege førebilde og vere lydhøyre i kommunikasjon med alle barn.
Følgje med på barna si kommunikasjon og språk, og fange opp og støtte barn som har ulike former for kommunikasjonsvanskar, som er lite språkleg aktive, eller som har sein språkutvikling.
Bidra til at språkleg mangfald blir ei beriking for heile barnegruppa, støtte fleirspråklege barn i å bruke sitt morsmål og samstundes aktivt fremje og utvikle barna sin norsk-/samiskspråklege kompetanse.
6. Mat- og måltidsplan for barnehagen
Måltida i barnehagen er ein viktig arena for læring, trivsel, meistring og fellesskap. Med utgangspunkt i rammeplanen og Helsedirektoratet sine føringar, har vi følgjande hovudmål for mat- og måltidsarbeidet vårt:
- Matglede og fellesskap: Skape trygge og trivelige rammer der barna opplever samvær, måltidsglede og matkultur.
- Medverknad og meistring: Gje barna høve til å delta aktivt i førebuingar og matlaging, og utvikle praktiske ferdigheiter.
- Innsikt i råvarer: Gje barna kunnskap om kvar maten kjem frå og eit medvit om vegen «frå jord til bord».
- Helse og førebygging: Bidra til ein god grunnleggjande vane, struktur og forståing for korleis eit sunt og variert kosthald fremjar god helse.
Mål og forankring
Rammeplanen seier at barnehagen skal:
- Leggje til rette for at barna opplever matglede, matkultur, samvær og fellesskapsfølelse.
- Gi barna medverknad i mat- og måltidsaktivitetar og la dei utvikle praktiske ferdigheiter.
- Gi barna innsikt i matens opprinnelse, råvarer og vegen frå råvare til måltid.
- Bidra til at barna får ei grunnleggjande forståing for korleis sunn mat fremmar god helse.
I Eitrheimsvågen barnehage tar vi utgangspunkt i Rammeplan for barnehager og Helsedirektoratets føringar for bra mat i barnehagen. Barn tek inn 40-60 % av sitt daglege energiinntak i barnehagen. Vi tilbyr 3 faste måltid dagleg, der barna får bortimot 30 minutt spisetid i ro og fred.
1. Innleiing: Mål og pedagogisk matdanning
Måltida i Eitrheimsvågen barnehage er ikkje berre praktiske avbrekk for påfyll av energi; dei er sentrale, strategiske verktøy for å oppfylle mandatet i Rammeplanen. Gjennom ein heilskapleg tilnærming til matdanning nyttar vi måltidet som ein arena for læring, trivsel og meistring. Barn tek inn mellom 40 og 60 % av det daglege energiinntaket sitt i barnehagen, noko som gir oss eit særskilt ansvar for å leggje til rette for gode vanar. For å sikre kvalitet i denne prosessen, tilbyr vi tre faste måltid dagleg der barna får minimum 30 minutt spisetid i ro og fred. Barnehagen skal leggje til rette for følgjande hovudmål:
- Matglede og fellesskap: Skape trygge rammer der barna opplever samvær og matkultur.
- Medverknad: La barna delta aktivt i matlaging og utvikle praktiske ferdigheiter.
- Innsikt i råvarer: Gi kunnskap om maten si opprinnelse og vegen frå råvare til ferdig måltid.
- Helse og førebygging: Bidra til ei grunnleggjande forståing for korleis sunn mat fremmar god helse. Gjennom denne pedagogiske forankringa sikrar vi at barnet si utvikling vert støtta på fleire plan. Ved å forstå prosessane bak maten, utviklar barna ei djupare respekt for naturen og eigne behov. Denne forståinga av "vegen frå jord til bord" er avgjerande for deira framtidige helseval og miljømedvit.
2. Grunngjeving for felles mattilbod
I Eitrheimsvågen barnehage har vi valt å stå for all matservering. Dette er eit strategisk val for å sikre eit inkluderande læringsmiljø og eit trygt fellesskap.Vårt felles mattilbod byggjer på fire hovudgrunnar:
- Eit sunt grunnlag: Vi følgjer Helsedirektoratets retningslinjer med fokus på grove kornprodukt, fisk, grønsaker og vatn.
- Sosial utjamning: Når alle et det same, fjernar vi fokus på sosioøkonomiske forskjellar. Matboksen forsvinn som samanlikningsgrunnlag, noko som skaper ro og motverkar utanforskap.
- Matmot: Barn vert naturleg meir villige til å utforske nye smakar når dei ser vener og vaksne gjere det same i ein trygg setting.
- Ein enklere kvardag: Vi sikrar at all mat er trygg, fersk og variert, noko som gir føresette føreseielegheit og avlastning.Fellesmåltidet fungerer som eit inkluderande verktøy som nøytraliserer sosiale forskjellar. Dette legg eit felles grunnlag som gjer måltidet til ein demokratisk og aktiv læringsarena der det sosiale samspelet står i sentrum.
3. Måltidet som pedagogisk arena og Sapere-metoden
Måltidet er ein strukturert pedagogisk situasjon der den vaksne speler ei aktiv rolle som rettleiar og førebilete. Vi praktiserer Sapere-metoden, som handlar om å utforske maten med alle sansar i eit miljø prega av lyst og nysgjerrigheit.Prinsippa for vår pedagogiske praksis er:
- Medverknad: Barna deltek i førebuingar som å dekkje bordet, smøre mat eller kutte grønsaker etter evne.
- Ingen etepress: Vi tvingar aldri barna til å ete. Fokus ligg på nysgjerrigheit: «Korleis kjennest denne på tunga?» eller «Kva luktar dette?».
- Vaksenrolla: Dei tilsette sit saman med barna, et den same maten og leier samtalen på ein positiv og inkluderande måte. Dette arbeidet er avgjerande for barnet si utvikling av sjølvregulering. Ved å fjerne press og heller oppmuntre til sanseleg utforsking av tekstur og smak, byggjer vi tryggleik. Barnet lærer å lytte til eigne kroppslege signal, noko som utvidar smakssansen og skaper eit positivt forhold til mat.
4. Baking som tverrfagleg læringsverktøy
Baking er ein integrert del av barnehagen sitt læringsmandat og ein praktisk veg inn i alle dei sju fagområda i Rammeplanen:
- Kommunikasjon, språk og tekst: Vi lærer faguttrykk som gjær , heving og elte medan vi følgjer oppskrifter.
- Kropp, bevegelse, mat og helse: Finmotorikken vert trena når barna trillar bollar, og vi lærer hygiene gjennom handvask.
- Kunst, kultur og kreativitet: Deigen vert brukt som formingsmateriale for kreative uttrykk og figurar.
- Natur, miljø og teknologi: Vi observerer "kjøkkenkjemi" når gjæren reagerer, og lærer kor kornet kjem frå.
- Antall, rom og form (Matematikk): Vi måler desiliter, veger ingrediensar og tel egg.
- Etikk, religion og filosofi: Vi lærer samarbeid, det å vente på tur og å dele på utstyret.
- Nærmiljø og samfunn: Vi knytter bakinga til samfunnet rundt oss, til dømes ved å hente mjøl lokalt eller gi bort bakst. Den fysiske erfaringa med vekt, volum og transformasjon av råvarer i bakinga forankrar matematiske og naturvitskaplege omgrep kognitivt på ein langt sterkare måte enn abstrakte leiker. Lukta av nystekt brød rommar dermed timar med kompleks tverrfagleg læring og sosial samhandling.
“Når barnet ditt kommer hjem og forteller at vi har bakt i dag, har de i praksis hatt en time i både matematikk, naturfag, språktrening og sosial samhandling – pakket inn i duften av nystekt brød.”
5. Struktur og rammer for måltida
Måltid
- Frukost
- Tidspunkt (ca.): kl. 08:00 – 08:30
- Innhald og fokus:
Roleg frukost: Grove havre- eller byggrynsgrautar, kjøleskapsgraut, heimelaga frukostblandingar med kveitekli/havre og frukt/bær.
- Lunsj (Hovudmåltid)
- Tidspunkt (ca.): kl. 11:00 – 11:45
- Innhald og fokus:
Variert tilbod: 3-4 dagar med brød/smøremåltid (variert fiskepålegg, kvitost, kjøtpålegg, grønsaker) og 1-2 dagar med varmmat/salatar/wraps. Mjølk eller vatn.
- Ettermiddagsmat
- Tidspunkt (ca.): kl. 14:00 – 14:30
- Innhald og fokus:
Energipåfyll: Oppskorne grønsaker og frukt, grove scones, grove rundstykke/knäckebrød med pålegg, eller ein smoothie.
6. Miljø, berekraft og matsvinn:
- Gamle bananar eller frukt blir brukt i kjøleskapsgraut eller smoothie.
- Tørt brød vert forvandla til eigne brødkrutongar, arme riddarar eller oste skjever.
- Det vert servert plantebaserte eller vegetariske måltid (f.eks. tomatsuppe, grønsaklasagne, linsesuppe, falafel, hummus) jf. råda.
7. Retningslinjer for spesialkost og allergiar
- Barnehagen kartlegg alle allergiar, intoleransar og religiøse/kulturelle hensyn ved oppstart. Born som har legeerklæring på kjende allergiar eller særskilde næringsbehov kan få tilpassa mat i barnehagen.
- Det skal alltid finnast likeverdige, trygge alternativ (f.eks. glutenfrie pitabrød, melkefrie variantar eller vegetaralternativ).
- Barna skal ikkje føle seg ekskluderte på grunn av sine kosthaldsbehov.
6. Viktige omsyn spesielt for 1–3-åringar
Dei minste barna har andre anatomiske, fysiologiske og utviklingsmessige behov enn eldre barn:
- Kvelingsfare (konsistens og kapping):
- Bær og frukt: Druer, cherrytomatar, oliven og faste bær må alltid delast på langs (aldri serverast heile).
- Harde grønsaker: Gulrøter, eple og pærer bør enten raspast, dampast/kokast mjuke, eller skjærast i svært tynne skiver/stavar slik at barna ikkje kan sette dei i halsen.
- Nøytne/frø: Heile nøtter skal ikkje bli gitt til barn under 3 år på grunn av svelge- og kvelingsfare.
- Salt og sukker:
- Minimalt med salt: Nyrone til barn under 1–2 år er ikkje ferdig utvikla for å handtere mykje salt. Unngå å tilsette salt i graut/varmmat, og vel pålegg/buljong med lågt saltinnhald.
- Ingen honning: Barn under 1 år skal aldri ha honning pga. fare for spedbarnsbotulisme.
- Mestring og finmotorikk (fingermat):
- Barn under 1 år: Maten bør delast i passelege bitar eller stavar som er lette å gripe med små hender.
- La 1–2-åringane prøve seg med kniv, skei og gaffel, men tillat at dei nyttar fingrane for å utforske tekstur og konsistens.
- Ernæringsbehov og porsjonar:
- Små barn har små magesekkar, men høgt energibehov i forhold til storleiken. Maten bør vere næringstett (f.eks. ved å tilsetje litt god olje/myk margarin eller mose inn avokado/frukt).
- Små barn bør hovedsakelig drikke vann.
Ettersom kumelk inneholder svært lite jern og små barn spiser lite, vil man at den lille plassen de har i magesekken, skal fylles opp av mat som inneholder mer jern. Dette kan for eksempel være jernberiket grøt, og etter hvert grove kornprodukter (for eksempel brødbiter) med pålegg som leverpostei. Man bør begrense inntaket av melkeprodukter i mat, yoghurt og drikke til 5 dl per dag. Skummet- eller lettmelk som drikkemelk dersom barnet har normal vekstutvikling.
Struktur og rammer for måltida gjennom dagen
Måltid: Frukost
- Tidspunkt (ca.): kl. 08:00 – 08:30
- Innhald og fokus for alle born:
Rolleg frukost: Grove havre- eller byggrynsgrautar, kjøleskapsgraut, mjuke frukostblandingar. Melk eller vatn. - Spesielle omsyn for 1–2 år: Graut vert servert lunken (ikkje for varm). Banan/frukt vert mosa inn. Unngå heile frø eller sprø nøtter.
Måltid: Lunsj - Hovudmåltid
- Tidspunkt (ca.): kl. 10:30 – 11:15
- Innhald og fokus for alle born:
Variert tilbod: Brødmåltid (leverpostei, kvitost, mjukt fiskepålegg), varmmat (suppar, mose/gryter, dampa fisk). - Spesielle omsyn for 1–2 år:
- Brødskeivene kuttast i passelige bitar.
- Varmmat vert avkjølt til passe temperatur.
Måltid: Ettermiddagsmat
- Tidspunkt (ca.): kl. 14:00 – 14:30
- Innhald og fokus for alle born:
Energipåfyll: Dampa/mjuk frukt og grønt, smoothie, mjuk bananmuffins eller grove scones utan harde frø. - Spesielle omsyn for 1–2 år: Frukt/bær (f.eks. druer, tomatar) vert delte på langs. Eple og gulrot vert raspa eller dampa.
Måltidet som pedagogisk arena før dei minste
Sansing og utforsking:
For 1–3-åringar er matlaging og måltid primært ein sanseleg arena. Barna må få lov til å lukte, ta på, kjenne på teksturar og til og meid klisse litt med maten.
Tryggleik og skjerming:
Dei minste bør sitje i trygge stolar med god ryggstøtte og beinstøtte.
Dei vaksne sit tett på barna for å hjelpe til, fange opp signal om at barna er mette/tørste, og førebyggje at nokon set mat i halsen.
Mestring i matlaging:
Sjølv 1–2-åringar kan delta i matlaging ved å legge oppskorne grønsaker i skåler, mose bananar med gaffel, røre i kalde rører, eller spreie ost på sin eigen brødbit.
Eit døme på Vekestruktur for måltida
Dag: Måndag
- Frukost (08:00 – 08:30): Grøtmåltid 1: Varm havregraut eller byggrynsgraut med kanel og oppskorne bær/mosa banan.
- Hovudmåltid (11:00 – 11:45): Smøremåltid: Grovt havregrynsbrød med makrell i tomat, kvitost, leverpostei og avokado.
- Ettermiddagsmat (14:00 – 14:30): Oppskorne grønsaker/frukt (delte på langs for 1–3 år) + mjuk bananmuffins.
Dag: Tysdag
- Frukost (08:00 – 08:30): Brød/Korn: Grovt brød/knekkebrød med variert pålegg, eller frukostblanding med havre/kveitekli og mjølk/jogurt.
- Hovudmåltid (11:00 – 11:45): Varmmåltid 1: Raud linsesuppe / heimelaga tomatsuppe med kokte egg og grove scones.
- Ettermiddagsmat (14:00 – 14:30): Oppskorne grønsakstavar (dampa for dei minste) + grove rundstykke.
Dag: Onsdag
- Frukost (08:00 – 08:30): Brød/Korn: Grovt brød/knekkebrød, mjølk eller vatn.
- Hovudmåltid (11:00 – 11:45): Smøremåltid/Wraps: Grove pitabrød eller wraps med mjukt fyll (kylling, laks, hummus, mais).
- Ettermiddagsmat (14:00 – 14:30): Smoothie (perfekt for å bruke opp moden frukt) + grove knekkebrød.
Dag: Torsdag
- Frukost (08:00 – 08:30): Grøtmåltid 2: Kjøleskapsgraut (laga dagen før med havre, juice/mjølk, jogurt og bær/banan).
- Hovudmåltid (11:00 – 11:45): Smøremåltid (Turdag): Ostesmørbrød på bål eller grovt brød med variert mjukt pålegg.
- Ettermiddagsmat (14:00 – 14:30): Dampa eple-/pærebåtar + nøttefritt knekkebrød / scones.
Dag: Fredag
- Frukost (08:00 – 08:30): Brød/Korn: Grovt brød/knekkebrød, mjølk eller vatn.
- Hovudmåltid (11:00 – 11:45): Varmmåltid 2 (Lunsj): Lettvinn fiskegrateng / fisk på spinatseng eller skattkiste (fiskepakke).
- Ettermiddagsmat (14:00 – 14:30): Oppskorne fruktbåtar og grønsaker.
7. Progresjonsplan for fagområda i rammeplanen
Progresjonsplanen skal skildre korleis barnehagen jobbar med dei ulike fagområda i rammeplanen, og han skal sikre progresjon på dei ulike områda for kvar enkelt barnegruppe. Fagområda vil sjeldan opptre isolerte; fleire område vil vere representerte samstundes både i temaarbeid, prosjektarbeid, kvardagsaktivitetar, sosialt samspel og ikkje minst i barna sin eigen leik.
Arbeidet med fagområda i rammeplanen skal tilpassast barna sin alder, interesser, barnegruppa si samansetning og andre føresetnader. Alle skal få like moglegheiter og utfordringar som er tilpassa deira utviklingsnivå – og vi tilpassar arbeidet også til det enkelte barnet. Rammeplanen for barnehagen sit innhald og oppgåver seier at progresjon skal tydelig gjerast og dokumenterast i barnehagen.
Progresjon føreset at barna vert introduserte for nye opplevingar og utfordringar ettersom dei veks og utviklar seg. Progresjonsplanen viser korleis barna møter stadig nye utfordringar og opplevingar for kvart år dei går i barnehagen. Det skal skje ein progresjon i forhold til opplevingar og aktivitetar. I planen har vi ei aldersinndeling; ho er ikkje absolut, men må alltid sjåast i forhold til det enkelte barnet si modning og sine erfaringar.
Barna skal være i barnehagen i mange år, derfor er en plan over progresjon viktig. Barna må føle at de vokser i barnehagen – ikke at de vokser ut av barnehagen… - Kari Pape
8. Leik og læring

«Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne egenverdien til barndommen. Den skal bidra til trivsel og glede i leik og læring, og vere ein utfordrande og trygg stad for fellesskap og venskap. Barnehagen skal fremje demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering.»
Gjennom leiken får barna utvikla sosiale ferdigheiter – bearbeidd inntrykk – øvd på nye ord og omgrep i ein sosial setting – kjend på glede og meistring – utvikla motoriske ferdigheiter – knytt venskap – delt med andre – brukt fantasien og vore kreative – ha det moro! Leiken inneber utforsking og bearbeiding av inntrykk og skal ha ein framtredande plass i livet til barna i barnehagen. Ved å late som, går barna inn i sin eigen førestillingsverd, tek perspektivet til andre og gjev form til tankar og kjensler.
- Det skal setjast av god tid til leik i kvardagen.
- Leiken skal prioriterast, han skal ha ein særeigen plass.
- Dei tilsette viser respekt for leiken til barna.
- Dei tilsette gjev barna opplevingar og idéar som inspirerer til leik.
- Dei tilsette er aktivt til stades i høve til leiken til barna – vere kreative og igangsetjarar.
- Dei tilsette tør leike og ha det gøy saman med barna.
- Vi vil at alle barn skal oppleve glede ved å leike saman med andre barn.
8.1 Livsmestring og sosial kompetanse
Rammeplanen slår fast at «Livsmestring og helse» er ein sentral del av barnehagen sitt verdigrunnlag. Livsmestring i barnehagen handlar ikkje om at barna skal prestere, men om at dei skal få støtte til å utvikle ei god psykisk og fysisk helse, oppleve følelse av eigenverd og bli robuste nok til å møte utfordringane i kvardagen.
Barnehagen skal vere ein trygg stad der barna kan øve seg på samspel og knyte venskap. Gjennom trygge relasjonar til både andre barn og sensitive vaksne byggjer barna den sosiale kompetansen som krevst for å meistre livet.
Sosial kompetanse handlar om å kunne samhandle positivt med andre i ulike situasjonar. Denne kompetansen blir uttrykt og tileigna av barn i samspel med kvarandre og med vaksne. Barna vil gjennom tilpassa utfordringar og øving tileigne seg evna til:
- Samarbeid – følgje reglar og beskjedar, hjelpe og dele med andre.
- Ansvar – vise respekt for andre, ta ansvar for seg sjølv, ha kontroll på eigne kjensler og meistre ulike utfordringar.
- Empati – kunne sjå ting frå synsvinkelen til andre; setje seg inn i korleis andre har det.
- Normer – følgje reglar og beskjedar, vere med og utforme fellesskapet.
- Sjølvhevding – å ta kontakt med andre, gje uttrykk for eigne meiningar, tileigne seg informasjon.
- Humor – vere med på å spreie glede, bidra til å skape tryggleik ved å ha det moro saman; le saman.
Barna vil utvikle:
- Større evne til å møte motgang og frustrasjonar, og å møte nye situasjonar med større tryggleik; får større motstandsevne mot krav og stress.
- Lettare for å opprette sosiale band.
- Betre evne til å leve i fellesskap med andre, større grad av evne til å ta ansvar og løyse oppgåver.
- Lettare for å kontrollere sterke kjensler og utslag av disse kjenslene.
- God sjølvtillit og sjølvfølelse, meir venlegheit og glede.
Relasjonar utviklar seg på enklaste måte gjennom småprat om situasjonar, eller gjennom å delta i leik og aktivitetar.
Kommunen har vedtatt å satsa på opplegget “E d Greitt?”, eit barnehagebasert kompetansetiltak som byggjer på på nettressursen “jegvet.no”. Det er eit verktøy tilpassa barn i ulik alder som skal styrke dei tilsette sin kompetanse og auka barna sin kunnskap om eigen kropp og eigne grenser.
9. Danning
Danning er ein livslang prosess som blant anna handlar om å utvikle evne til å reflektere over eigne handlingar og veremåtar. Gjennom danning er barna med på å omsetje haldningar til handlingar. Barn kan tidleg vise at dei bryr seg om kvarandre, løyser konfliktar og tek perspektivet til andre. Dei kan ta omsyn og vise omsorg. Dette skjer både gjennom kroppslege og språklege handlingar. Opplevingar av eigenverd og meistring, leik med likaldrande og tilhøyrsel i eit positivt fellesskap skal prege barnehagen.
10. Den autoritative vaksenrolla

Ein autoritativ oppdragarstil gjev barn dei mest gunstige føresetnadene for å utvikle trygg tilknyting til omsorgspersonane. Den vaksne har då positiv kontroll, set tydelege grenser og har klare forventningar til barnet, samstundes som dei er varme og aksepterande. Den autoritative vaksne hjelper barna til å bli medvitne om kjenslene sine og klare å regulere dei på ein hensiktsmessig måte i samspel med andre. Barn som veks opp med varme, grensesettande omsorgspersonar heime og i barnehagen, får god hjelp til å leve i fellesskap med andre.
Det sentrale er samspel mellom varme og grensesettande vaksne og medverkande barn. Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing – vi forpliktar oss til å arbeide for eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø for alle barn og unge, jmf. barnehagelova som gjev barn ein lovfesta rett til eit psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel, leik og læring.
Eitrheimsvågen barnehage har følgjande retningslinjer for omsorg:
Omsorg er ein aktiv relasjon mellom barnet og den vaksne, prega av sensitivitet, nærleik og emosjonell støtte. Personalet skal gje omsorg som er prega av lytteevne, innleving og vilje til samspel. Vi skal sikre at alle barn opplever å bli møtte med respekt, forståing og anerkjenning, og sørgje for at barna opplever omsorg i leik, læring og i kvardagsaktivitetar.
Trygg tilknyting og kjenslemessig tilgjengelegheit:
Den vaksne må vere sensitiv og i stand til å oppfatte barnet sine signal (både verbale og non-verbale), tolke dei riktig og svare på dei i tide. Barnet må vere omgitt av vaksne som utstrålar emosjonell varme, slik at det føler seg elska, akseptert og verdifullt akkurat som det er. Den vaksne må fungere som ein trygg base som barnet kan utforske verda frå, og ei trygg hamn å vende tilbake til når det er redd, slite eller såra.
Dei vaksne må ha evne til mentalisering og kunne forstå barnet si indre verd:
Mentalisering tyder å sjå barnet «innanfrå». Det handlar om å forstå at barnet si oppførsle er driven av underliggjande kjensler, behov, tankar og intensjonar. Den vaksne må kunne sjå seg sjølv utanfrå og vere medviten sine eigne kjensler og reaksjonar, og korleis disse påverkar barnet.
Vi skal sikre at barnet opplever fysisk tryggleik og ivaretaking av grunnleggjande behov. Det inneber at vi sørgjer for at barnet får nok søvn, sunn mat, riktige klede og god hygiene. Faste strukturar i kvardagen (måltid, kvile, dagsrytme) gjev barnet ein kjensle av kontroll og tryggleik. Barn treng vaksne som set milde, men tydelege grenser. Dette skapar ei føreseieleg og trygg verd. Vi skal også skjerme barnet mot farar, vald, overgrep og stressmoment som barnet ikkje har føresetnad for å takle sjølv.
11. Medverknad i planlegging av barnehagen si verksemd
Medverknad i barnehagen handlar om å gje barna moglegheit til å påverke sin eigen kvardag og det felles livet i barnehagen. Medverknad handlar om å bli spurd, bli lytta til og akseptert som individ. Som vaksne må vi la oss påverke og godta at barna sjølve kan ha synspunkt på kva dei har behov for. Støtte opp om nysgjerrigheita til barna og la dei utforske. Støtte opp om kreativiteten til barna. Lytta til, forstå og ta barna på alvor. La barna prøve ut og vere med på å utvikle leiken saman med dei.
11.1 Medverknad frå barna
Barna i barnehagen har rett til å gje uttrykk for sitt syn på den daglege verksemda i barnehagen. Barn skal jevnleg få moglegheit til å vere aktive i deltaking, planlegging og vurdering av verksemda til barnehagen. Synspunkta til barnet skal leggjast vekt på i samsvar med alder og modning. Barna skal oppleve at dei bidreg til fellesskapet med sin historie, kultur og etnisitet.
11.2 Medverknad frå foreldra
I barnehagelova og rammeplanen for barnehagen slås det fast at foreldre har rett til medverknad, og at barnehagen skal drivast i nært samarbeid og forståing med heimen til barna. Foreldremedverknad tyder at foreldra skal ha reell innverknad på barnehagen sin kvardag, innhald og pedagogiske praksis. Samarbeidet skal alltid ha det beste for barnet som felles mål.
Formelle arenaer for medverknad:
Barnehagelova sikrar at foreldre har formelle kanalar for å påverke barnehagen sin drift:
- Foreldreråd: Består av foreldra til alle barna i barnehagen. Foreldrerådet skal fremje foreldra sine fellesinteresser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skapar eit godt barnehagemiljø. Foreldrerådet kan velje ein representant og ein vara frå foreldra på kvar avdeling, som dannar Foreldrenes arbeidsutvalg (FAU). Dei fungerer som eit frivillig bindeledd mellom foreldregruppa og barnehageleiinga. Dei tek opp saker som gjeld fellesmiljøet og foreldra sine fellesinteresser, planlegg og avheld sosiale samlingar (som t.d. sommarfest, haustfest eller juletrefest), og kan bringe innspel og saker vidare til barnehagens samarbeidsutval (SU).
- Samarbeidsutval (SU): Eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ som består av foreldre, tilsette og barnehageeigarar, der kvar gruppe er likt representert. SU fastset blant anna barnehagen sin årsplan og blir hørt i viktige saker som budsjett, arealendringar og bemanning.
Den daglege og individuelle medverknaden:
Medverknad skjer ikkje berre i møte, men først og fremst i den daglege kontakten rundt det einskilde barnet:
- Garderobeprat (henting og levering): Den daglege utvekslinga av informasjon om korleis barnet har det, kva det har opplevd heime eller i barnehagen, og gjensidige beskjedar.
- Foreldresamtalar: Regelmessige, strukturerte samtalar der foreldre og pedagogisk leiar utvekslar observasjonar om barnet sin trivsel, utvikling, helse og språklege progresjon. Her legg dei plan for kordan foreldre og barnehage best kan stø barnet si vidare utvekling.
- Brukarundersøkingar: Den årlege foreldreundersøkinga (for eksempel Utdanningsdirektoratet si nasjonale undersøking) der foreldre anonymt kan gje tilbakemelding på barnehagen sitt tilbod.
Personalet si rolle og ansvar:
For at foreldremedverknad skal bli reell, og ikkje berre ein formalitet, har personalet eit særskilt ansvar:
- Vere opne og lyttande: Personalet må møte foreldra med respekt og anerkjenne at det er foreldra som kjenner barnet sitt best.
- Sikre god informasjon: For at foreldre skal kunne medverke, må dei vite kva som foregår. Barnehagen må informere tydeleg om pedagogiske mål, dagsrytme og aktivitetar.
- Byggje bruer (minoritetsspråklege): Personalet må leggje ekstra godt til rette for foreldre som ikkje snakkar flytande norsk, for eksempel ved bruk av tolk, visuell informasjon eller tettare individuell oppfølging, slik at også disse foreldra får reell moglegheit til medverknad.
12. Planlegging, dokumentasjon og vurdering
Planlegginga må baserast på kunnskap om utvikling og læring hjå barn, både individuelt og i gruppe, observasjon, dokumentasjon, refleksjons- og systematisk vurderingsarbeid og samtalar med barn og foreldre.
Trivselen og utviklinga til barnegruppa og det einskilde barnet skal derfor observerast og vurderast fortløpande. Vi nyttar mellom anna observasjon av samspelet mellom barn, barn–vaksne og vaksne–vaksne, praksisforteljingar og kartleggingsverktøyet TRAS. Dokumentasjon kan vere med på å få fram ulike oppfatningar og opne for ein kritisk og reflekterande praksis. Vurdering vil seie at vi skal beskrive, analysere og tolke arbeidet vi gjer i barnehagen, i forhold til barnehagelova, rammeplanen og lokale retningslinjer. Rammeplanen slår fast at barnehagen skal vere ein lærande organisasjon, og vi set av tid på personalmøte, pedagogisk leiarmøte og avdelingsmøte til refleksjon over praksis og vedtekne planar.
13. Samarbeid
Eit godt samarbeid mellom foreldra og barnehagen er ein føresetnad for å få eit godt barnehageår. Vi vil arrangere ulike arrangement saman, vi har foreldremøte i løpet av året, foreldresamtalar og eit samarbeidsutval (SU) og foreldreråd for å styrkje dette samarbeidet. I tillegg samarbeider barnehagen med disse institusjonane: helsestasjon, PPT, logoped, andre barnehagar, barnevernet, barnehagefagleg rådgjevar og oppvekstsjef.
14. Digitale verktøy
Barnehagen skal gje barna høve til å få oppleve at digitale verktøy kan brukast til leik, kommunikasjon og læring. Vi bruker heimesida vår aktivt og legg ut bilete her til føresatte i albumet under kvar avdeling eller gruppe.
15. Overgangar
15.1 Når eit barn byrjar i barnehagen
Vi har vår eigen plan for foreldreaktiv tilvenning i Barnehagen
15.2 Når eit barn er ny for barnehagen på stor avdeling.
Pedagogen i samarbeid med foreldra lagar ein plan for tilvenning basert på barnet si tidlegare erfaring med barnehage eller omsorg, i eller utanfor heimen.
15.3 Når eit barn byter avdeling i barnehagen
Barnet skal i god tid bli kjend med sin nye avdeling og personalet som arbeider der. Vi legg opp til at barnet får gjere seg kjend ved å besøke avdelinga, leike der, vere med på måltid eller andre aktivitetar. Personalet som skal overta barnet gjer seg kjend med barnet også i utetid, når barna leikar ute.
Pedagogen på den nye avdelinga har oppstartsamtale med dei nye foreldra før eller like etter at barnet begynner på ny avdeling.
Overgang barnehage – skule
Rammeplanen slår fast at barnehagen må leggje til rette for at barna er budde på å møte kvardagen i skulen.
- Barnehagen skal leggje til rette for at dei eldste borna har med seg erfaringar, kunnskapar og ferdigheiter som kan gje dei eit godt grunnlag og motivasjon for å begynne på skulen.
- Barnehagen skal bidra til at barna kan avslutte barnehagetida på ein god måte og møte skulen med nysgjerrigheit og truddom på eigne evner.
- Barna skal få bli kjende med kva som skjer i skulen og skulefritidsordninga.
Vi har «Klubben» der 5–6 åringane i gruppe Gul får ta del i ulike opplegg gjennom heile året. Vi vil formidle positive haldningar og forventningar til skuletida og følgjer Ullensvang kommune sin plan for overgang barnehage-skule.