Ferie- og fridagar

Her finn du oversikt over ferie- og fridagar for barnehagene i kommunen.  

Ferieavvikling

Barnet  må ta ut minst fem veker ferie i løpet av kalenderåret, jf. vedtektene.

  • Tre veker må vera samanhengande ferie om sommeren. Planleggingsdagene i august skal ikkje reknast inn i desse vekene. Føresette må gje melding til barnehagen innan 01. april om når desse tre vekene vert tekne. 
  • Den fjerde ferieveka må vera samanhengande og kan innehalda raude dagar, til dømes 1. og 2. juledag/påskedag.
  • Den femte ferieveka skal brukast på dei fem planleggingsdagane barnehagane har gjennom eit barnehageår. Sjå barnehageruta.   
  • Barnehagebarn (6 åringar) som startar på skulen om hausten, må ta ut fire veker ferie før planleggingsdagane i august.

Stengde dagar

Barnehagane er stengd laurdag, søndag, heilagdagar, offentlege fridagar, julaftan og nyttårsaftan. Onsdag i påskeveka stengjer barnehagane kl. 12:00.

Barnehageruta (og skulereuta)

Barnehage- og skulerute
Månad Dag Dato Hending
August Må. - on. 12., 13. og 14. august Planleggingsdagar barnehage, skule og SFO
August To. 15. august Fyrste skuledag og nytt barnehageår startar
Oktober Veke 41 7. - 11. oktober Haustferie skule
November Fr. 15. november Regional planleggingsdag barnehage/skule/SFO
Desember To. 19. desember Siste skuledag før jul
Desember - januar Fr. - to. 20. desember - 1. januar Elevfridagar i grunnskulen
Januar To. 2. januar Fyrste skuledag etter jul
Februar Veke 9 24. - 28. februar Vinterferie for skulane
Mars Fr. 14. mars Regional planleggingsdag barnehage/skule/SFO
April Fr. 11. april Siste skuledag før påske
April Veke 16 14. - 21. april Påskeferie
April Ty. 22. april Fyrste skuledag etter påske
Mai To. 1. mai Skule/barnehage/SFO stengt
Mai Fr.  2. mai Eleverfridag i grunnskulen
Mai To. 29. mai Kristi himmelfartsdag. Skule/barnehage/SFO stengt
Mai Fr. 30. mai Eleverfridag i grunnskulen
Juni Må. 9. juni 2. pinsedag. Skule/barnehage/SFO stengt
Juni Fr. 20. juni Siste skuledag før sommarferien

For meir informasjon

Spørsmål?

Ta kontakt med styrar i din barnehage