Fritid og aktivitet

Fjordromantikk og ski-eldorado, siderklynga og litteraturhovudstad, blues og kammermusikk, fredelege naturopplevevingar og spektakulære utfordringar. Ullensvang har eit rikt og variert aktivitetstilbod til alle årstider og for alle aldrar. Du vel sjølv om du du vil vere fysisk aktiv eller heller ynskjer kulturelle tilbod, om du vil engasjera deg i frivillig arbeid eller heller nyta eit godt måltid i flotte omgivnader.

I kommunen er det mange og varierte mogelegheiter for matopplevingar, her er ulike badstuer, gode moglegheiter for isbading eller du vil kanskje besøka ulike hytter - på vidda, langs stiane våre, på utsiktspunkt eller kanskje ei tretopphytte? Vil du heller spele sjakk, strikke, spele handball, klatre i fjellet eller bryte håndbak? Her er det berre du sjølv som set grenser for kva du vil oppleva.

Vi jobbar stadig med å skapa nye møteplassar og ta godt imot deg!

Dugnadsanden er sterk – og ein fin måte å koma inn i eit sosialt miljø er til dømes gjennom idrett, kultur eller som frivillig på ein av dei mange festivalane våre. Bruk vår kulturkalender «Kva skjer kultur?» for å oppdatera deg på arrangement og sosiale hendingar, og meld deg inn i grupper på facebook for ditt lokalmiljø.

For nye innbyggjarar vert det arrangert årleg tilflyttartreff, du får velkomstbrev i posten og du får ei tilflyttarmappe med gode tilbod og informasjon.

Ta kontakt med naboen eller ta deg ein sundagstur på dei lokale turrutene!

Kva skjer?

Frivilligsentralane i kommunen er ein møteplass som formidler kontakt og samhandling mellom menneska i lokalmiljøet. Du finn frivilligsentralar i Jondal, Odda og Kinsarvik.

Kva skjer kultur? er kommunen sin digitale kulturkalender der vi freistar å samle alt som skjer av arrangement rundt i kommunen.

iUllensvang finn du informasjon om lag, foreiningar og andre som tilbyr ulike aktivitetar i Ullensvang. Me har eit rikt foreiningsliv med mange spanande aktivitetar, og ynskjer at flest mogeleg skal få tilgong til informasjon om desse.

Kva som skjer i lokalmiljøa.…

Det er mange Facebook-grupper som informerer om kva som skjer rundt i lokalmiljøa:

  • Hva skjer i Odda og omegn?
  • Kva skjer på austsida?
  • Kva skjer på vestsida?
  • 5763 – bygda vår (Skare)
  • Kva skjer i Røldal?
  • Kvardagsprat i Jondal
  • Kvardagsprat i Odda
  • Kvardagsprat i nye Ullensvang kommune

Er du på Facebook er dette ein super måte å få eit innblikk i kva som skjer der du bur!