Før du søkjer er det viktig at du les gjennom og set deg inn i reglar for bruk av næringsfondet.
Reglar for bruk av Ullensvang næringsfond
Kven kan søkje
Næringsverksemder med forretningsadressa i Ullensvang kommune kan søkje næringsfondet.
Regionale selskap i Hardangerregionen kan og få tilskot til prosjekt/tiltak som går føre seg i Ullensvang kommune, eller der Ullensvang kommune er ein del av eit regionalt tiltak/prosjekt.
Les meir om kven som kan søkje og til kva i vedteke regelar.
Krav til søkjar
Det vert stilt krav om at søkjar kontaktar Næringshagen i Ullensvang for innleiande samtalar, og for avklaring av innhaldet i ein eventuell søknad.
For søknadar som gjeld tiltak i landbruket, skal Landbrukskontoret i kommunen kontaktast.
Slik søkjer du
Du søkjer digitalt via vårt søknadsskjema, skjema krev pålogging via ID-porten.
Søknad til næringsfondet
Søknadsfristar
Næringsfondet har to utlysingar i året, og vert handsama i Utval for samfunn, plan og næring:
- Fyrste utlysing er vinteren/vår, med tildeling i juni.
- Andre utlysing er seinsommar/haust, med tildeling i desember.
Kva skjer vidare
Etter handsaming i Utval for samfunn, plan og næring får alle søkjarar tilbakemelding på sin søknad. Dette vert send til bedrifta via Altinn.
Får du tilskot til ditt prosjekt har bedrifta tre veker på å stadfesta vilkåra for tilskotet. Når du fyller ut- og sender inn dette skjemaet vert det automatisk returnert til sakshandsamar.
Skjema for stadfesting av vilkår frå næringsfondet
Før utbetaling
Før ei bedrift kan få utbetalt løyvd tilsegn, må prosjektet kunne dokumentere å ha utført tiltak som svarar til minimum 50% av dei totale, budsjetterte kostnadane i søknaden.
Når tiltak som svarar til minimum 50% av kostnadsramma i prosjektet er utført, kan bedrifta anmoda om utbetaling av tilskot.
Følgjande informasjon må gå fram av anmodinga:
- Saksnummeret i utvalet (jf. tilsagnsbrevet)
- Bedrifta sitt organisasjonsnummer
- Bedrifta sitt kontonummer
- Kort omtale av gjennomføringa av tiltaka i prosjektet , og evt. forklaringar på ev. avvik.
- Beløpet det vert bedt utbetalt
- Rekneskap for prosjektet
- Vedlegg; kvitteringar og ev. timeliste på eigeninnsats jf. finansieringsplan i søknaden
Anmodinga vert sendt til postmottak@ullensvang.kommune.no
Klage
Det er klageadgang på enkeltvedtak i medhald av forvaltningslova. Klager vert handsama av kommunalt klageorgan.