Framande artar utgjer ein trugsel mot det biologiske mangfaldet i naturen. Når planter eller dyr blir spreidde til område dei ikkje høyrer heime i naturleg, kan dei konkurrere ut lokale artar og endre økosystema våre.
Her finn du informasjon om kva framande artar er, kva ansvar du har som grunneigar, og korleis du går fram for å fjerne og melde frå om framande og uønska artar.
Kva er ein framand art?
Ein framand art er ein art som har kome til eit område og etablert seg, ofte grunna menneskeleg aktivitet. Ein del av desse artane er innvaderande, og spreier seg raskt i naturen med høg eller svært høg risiko for å skade det lokale naturmiljøet.
Sjå meir info om framande artar på nettisda til Artsdatabanken.
Kva er dei mest vanlege artane?
- Kjempebjørnekjeks
- Kjempespringfrø
- Lupinar
- Parkslirekne
- Rynkerose
- Hemlokk (treslag frå hemlokkslekta)
For å identifisere artar er artsorakelet og plantevernleksikonet gode hjelpemiddel.
Uønska art - landøyda
Landøyde er ikkje ein framand art, men bør fjernast der den er uønska. Landøyde er først og fremst eit problem for landbruket ettersom den er giftig for beitedyr, særskilt hest og storfe. Det er særleg viktig at landøyda blir fjerna frå innmarksbeiter, åker og eng slik at planta ikkje hamnar i fôret til husdyr.
Kva er ditt ansvar som grunneigar?
Som grunneigar eller hageeigar har du ansvar for å hindre at framande artar spreier seg frå din eigedom og ut i naturen. Hageavfall er ikkje naturavfall og det er forbode å kaste hageavfall i naturen, i friområde eller i vegkantar. Kasting av hageavfall er ein av dei vanlegaste måtane uønskte planter spreier seg på.
Generelle råd for fjerning:
- Luking og graving: Dra opp plantene med rota før dei set frø.
- Kapping og slått: Kutt ned plantene fleire gonger i sesongen for å svelte ut rotsystemet.
- Fjerning: Pakk planteavfallet i tette sekker, og lever avfallet som restavfall eller til forbrenning på din lokale gjenvinningsstasjon.
Korleis melde frå om funn?
Dersom du oppdagar framande artar kan du registrere funnet direkte på artsobservasjoner.no
Gjelder det store førekomstar kan du melde frå til kommunen på e-post. Merk med “Melding om funn av framande eller uønska artar”.
Legg ved bilete og kvar planta er med presis posisjon eller merk av i kart.
Laster...
Noe gikk galt. Vennligst prøv igjen senere.