Generell informasjon om tilskot
Alle organisasjonar/tiltak/arrangement som får tilskot frå kommunen skal kunne visa til at tiltaket/aktiviteten er inkluderande og fremmar mangfald og berekraft. (Temaplan for kultur)
Kva betyr dette?
Vi ynskjer å oppmuntra og oppmoda frivillige lag og organisasjonar, kulturinstitusjonar og kulturaktørar til å ta på alvor det ansvaret me alle har for å vera eit inkluderande og mangfaldig samfunn der også berekraft skal vurderast i alle samanhengar.
Det betyr at det vert stilt krav om utsjekk på punkt som kan gjelda:
- Variert og inkluderande informasjonsformidling
- Transporttilbod dersom mogleg
- Universell tilrettelegging der dette er mogleg
- Rekrutteringstiltak inn mot våre nye landsmenn
- Fadderordningar
- Gratistiltak
- Desentralisert profil
- Berekraft, natur og miljømessig, sosial og økonomisk
Dette vil ikkje seia at alle arrangement og tiltak må kryssa av på alle punkt, men me ynskjer at alle skal ha ein gjennomtenkt politikk.
- Barn og unge
- Tiltak som fremjar inkludering og mangfald
- Tiltak som reduserer konsekvensar av sosial ulikskap
- Tiltak som bidrar til sterke og levande lokalsamfunn
- Tiltak av regional og nasjonal interesse
- Tiltak som fremjar kvalitet på å: bu-, besøka- og driva næring i kommunen
- Utvikling av kulturell eigenverdi, identitet og fellesskap
- Tilskot kan gjevast lag, organisasjonar og einskildpersonar som har sitt virke i kommunen, eller der tiltaket/arrangementet skjer i Ullensvang.
- Det vert ikkje gjeve tilskot til politiske parti, organisasjonar som ikkje er opne for alle i målgruppa, eller kommunale, fylkeskommunale eller statlege institusjonar/anlegg.
- Alle som mottek støtte må godta ordning med følgjekort på arrangement.
Søknad skal leverast på gjeldande søknadsskjema.
For lag og organisasjonar skal godkjend rekneskap samt årsmelding frå føregåande år og budsjett for inneverande år leggjast ved søknaden.
Søknadane vert handsama politisk. Saksbehandlinga tek ca. 3 månadar.
Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage. Mogleg klage skal sendast kommunen, seinast tre veker etter at klagaren er gjort kjend med vedtaket. Nærare orientering kan ein få hjå sakshandsamaren for denne saka.
Ullensvang Eldreråd og Ullensvang Idrettsråd er høyringsinstans der dette vert vurdert naturleg.
Tilskotsordningar
Kulturfondet
Kulturfondet er øyremerka til nyskapande og innovative kulturtiltak.
Søknadsfrist i februar kvart år.
Krav til søknad:
- Tilskot vert gjeve til utviklingsprosjekt innan kultur av regional interesse.
- Søknad må inkludera prosjektbeskriving, budsjett og finansieringsplan.
- Det vert ikkje gjeve tilskot til ordinær drift.
Søk kulturfondet
Aktivitetstilskot barn/unge
Denne tilskotspotten er for dei organisasjonane/laga som har ulike aktiviteter for barn og unge utanfor den organiserte idretten. Typisk eks. er kor, korps, 4H, teaterlag, litteraturklubbar.
Søknadsfrist 1. april kvart år.
Søk om aktivitetstilskot
Tilskot til kjøp av direksjon for kor og korps
Tilskot til kjøp av direksjon er retta mot kor og korps for vaksne, som ikkje kjøper dirigent-tenester frå Kulturskulen.
Søknadsfrist: 1. april kvart år.
Søk om tilskot til direksjon for kor og korps
Driftstilskot ikkje-kommunale kulturbygg/idrettsanlegg
Her kan ein søkja om refusjon av dokumenterte driftsutgifter/ vedlikehald. Max ca 20%.
Søknadsfrist: 1. april kvart år.
Søk om driftstilskot
Den kulturelle spaserstokken
Denne ordninga har eigne midlar og eige budsjett. Pengar i ordninga vert delvis styrt inn i arrangement organisert av kommunen, og delvis delt ut til aktiviteter og arrangement for 70+.
Søknadsfrist: 1. april kvart år.
Søk den kulturelle spaserstokken
Tilskot til talentstipend for kultur/idrett
Kommunen støttar tiltak for mangfold av deltaking og aktivitet for dei mange, men vil også lyfta fram dei som utmerkar seg innan ulike område av kultur og idrett. Talentstipendet vert gitt til søkjarar som kan syna til framgong, utvikling og resultat, og har ambisjonar på regionalt og nasjonalt nivå.
Det vert i år delt ut opp til 5 stipend a kr. 10 000,-
Søknadsfrist: 1. april kvart år.
Søk om talentstipend
Tilskotsordning for Friluftshovudstaden
Dette er ei tilksotsordning der lag- og organisasjonar i kommunen kan søkje om midler til gode prosjekter som kan knyttast til måla i prosjektplanen for Friluftshovudstaden.
Søknadsfrist: 1. april kvart år.
Søk tilskottsordninga for Friluftshovudstaden
Tilskot til kulturbygg i Vestland
Dette er midlar som kan nyttast til ombygging og modernisering av kulturbygg, men ikkje til vedlikehald og drift. Må gjennom politisk prioritering.
Søknadsfrist: 1. april kvart år.
Vestland fylkeskommune: Tilskot til kulturbygg
Driftstilskot til idrettslag og skyttarlag
Generelt driftstilskot til idrettslag tilslutta Norges idrettsforbund. Tilskot vert rekna ut på grunnlag av registrerte medlemmer.
Søknadsfrist: 1. juni kvart år.
Søk om driftstilskot
Tilskot til festivalar og større kulturarrangement
Drift og utvikling av typiske “Fyrtårnfestivalar” og nyskapande kulturtiltak av regional og nasjonal interesse. Mange av desse har hatt faste avtalar.
For at alt skal vera ryddig, og alt skal koma med i budsjettarbeidet, skal det leverast søknad kvart år.
Søknadsfrist: 1. oktober kvart år.
Søk om tilskot til festivalar og større arrangement
Spelemiddelsøknadar
Gjeld tilskot til anlegg for idrett, folkehelse, friluftsliv jf. prioriterte lister over annlegg, og idretts- og friluftslivsplan.
Søkjar legg inn alle vedlegg og fyller ut søknadskjema på nettsida til Anleggsregisteret. Søkjar kan be om hjelp frå ansvarleg for spelemidlar i kommunen, men søkjar skal sjølv fylle inn søknadskjema.
Ved fornya søknad må ein syne til referansenummer for tidlegare innsendte søknad. Dette kan ein få ved å henvende seg til rådgjevar for idrett, friluftsliv og folkehelse i kommunen.
Søknadsfrist: 1. oktober kvart år.
Anleggsregisteret.no