Kreftkoordinator

Kreftkoordinator er ein støtte- og ressursperson for deg som er kreftramma eller pårørande. Koordinatoren har oversikt over relevante tenester, rettar og tilbod innan kreftomsorga, og kan hjelpe med å koordinere og tilretteleggje slik at du og familien får ein best mogleg kvardag.

Tilbodet er retta mot

  • Personar som er ramma av kreft
  • Pårørande som treng støtte, rettleiing eller informasjon

Kva kan du få hjelp til?

Kreftkoordinatoren kan mellom anna:

  • Koordinere og legge til rette for at du og familien får ein best mogleg kvardag
  • Vere ein ressursperson for deg som er kreftramma eller pårørande
  • Informere om tenester, rettar og tilbod innan kreftomsorga, både lokalt og regionalt
  • Gje råd og rettleiing om diagnose, behandling og rehabilitering
  • Vere ein samtalepartnar når du treng nokon å snakke med
  • Samarbeide tverrfagleg med andre instansar, både under sjukdom og i etterkant av behandling

Slik tek du kontakt

Oppfølging av Kreftkoordinator er eit lågterskeltilbod. Det betyr at du ikkje treng tilvising frå lege eller sjukehus for å ta kontakt.

Du kan ta kontakt direkte på telefon, SMS eller e-post for å avtale tid.

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist. Ta kontakt når behovet oppstår.

Pris

Tenesta er gratis.

Kva skjer vidare?

Når du tek kontakt, vil kreftkoordinatoren vurdere behovet ditt og tilby oppfølging, rettleiing og eventuelt vidareformidling til relevante tenester.