Kven kan få tilbodet?
Ledsagerbevis er eit tilbod til personar med sjukdom eller nedsett funksjonsevne som har behov for hjelp eller følgje for å kunna delta på kultur- og fritidsarrangement.
Ordninga kan vere aktuell for personar med:
- rørsle-, høyrsle-, syns- og/eller utviklingshemming
- allergiar
- funksjonsnedsetting som følgje av sjukdom, til dømes psykiske lidingar, hjartesjukdommar, lungesjukdommar eller annan sjukdom
Kva kan du få hjelp til?
Eit ledsagerbevis gjer at du kan ha med deg ledsager utan ekstra kostnad. Ordninga gjeld på arrangement, transport og andre stader der ledsagerbevis blir akseptert.
Ledsager har gratis inngang på alle kommunale arrangement.
Praktisk informasjon
- Billettar vert ofte lagt ut som barn + ledsager og vaksen + ledsager. Du betaler sjølv ordinær billettpris.
- Det er den enkelte arrangør eller tilbydar som avgjer om dei aksepterer ledsagerbevis, og kva rabatt ordninga gir.
- Alle som får tildelt tilskot til kultur, idrett og friluftsliv frå kommunen, pliktar å godta ledsagerbevisordninga på sine arrangement, i tråd med kommunale retningsliner.
Digitalt ledsagerbevis
Kommunen tilbyr digitalt ledsagerbevis. Det digitale ledsagerbeviset er likestilt med det fysiske kortet og kan nyttast på same måte.
Med digitalt ledsagerbevis kan du visa beviset direkte på mobiltelefon når du deltek på arrangement eller nyttar tilbod der ordninga er akseptert. Dette gjer det enklare å alltid ha ledsagerbeviset tilgjengeleg.
App for digitalt ledsagerbevis
Det digitale ledsagerbeviset er tilgjengeleg via ledsagerbevis.no og kan nyttast gjennom eigen app på mobiltelefon.
Appen kan lastast ned frå App Store eller Google Play.
Slik søkjer du
Du kan søkje om ledsagerbevis ved å senda inn søknadsskjema eller kontakt med tildelingskontoret for rettleiing.
I søknaden må du laste opp eit portrettbilete som vedlegg. Biletet bør vere som eit passfoto med lys bakgrunn der ansiktet er tydeleg. Du kan ta biletet med kamera på mobiltelefonen din.
Søk om Ledsagerbevis
Søknadsfrist
Det er ingen fast søknadsfrist. Søknadar vert behandla fortløpande.
Pris
Det er ingen eigenbetaling for ledsagerbevis.s.
Kva skjer vidare?
Når søknaden er mottatt, vil kommunen vurdera behovet og fatta eit vedtak. Du vil få skriftleg tilbakemelding om utfallet av søknaden.
Når søknaden er innvilga, får du informasjon om korleis du tek i bruk den digitale løysinga og loggar inn i appen.
Klage
Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klaga. Klagen skal sendast til kommunen innan fire veker etter at du har mottatt vedtaket.
Lovar og reglar
- Ledsagerbevisordninga følgjer kommunale retningsliner for kultur- og fritidstilskot.