Kva er dette?
Introduksjonskurset er eit tilbod for deg som har det vanskeleg og vil ta grep for å få det betre. Kurset tek utgangspunkt i kognitiv åtferdsterapi. Det betyr at vi jobbar med korleis tankar, kjensler og åtferd heng saman.
Kurset varer i fire veker, med ei samling på to timar kvar veke. Undervisninga inneheld praktiske øvingar, men du treng ikkje delta aktivt i diskusjonar viss du ikkje vil.
Det er plass til 8–12 deltakarar i gruppa. Kurset vert halde i Odda, men vi kan òg ha det andre stader ved behov.
Kven kan delta?
Kurset passar for deg som opplever lettare psykiske plager, og som ønskjer å gjera ei positiv endring i kvardagen. For at du skal få eit godt utbytte av tilbodet, må du kunna forplikta deg til å møta opp på alle samlingane.
Kurset er ikkje rett tilbod for deg om du:
- har behov for akutt hjelp eller står i ei akutt livskrise
- har alvorlege eller samansette utfordringar som krev meir oppfølging (til dømes rusproblem, alvorleg psykisk liding eller demens)
- har behov for langvarig terapi eller utgreiing
- allereie får eller er tilvist til anna psykisk helsehjelp, som distriktspsykiatrisk senter (DPS)
Slik melder du deg på
Vi arrangerer kurset jamleg, og det er inga fast påmeldingsfrist. Du kan ta kontakt for å få vita neste kursdato, eller for å melda deg på.
Du melder deg på ved å senda ein e-post eller ein SMS. Skriv at du ønskjer kontakt, og oppgje telefonnummeret ditt.
Hugs at du ikkje må skriva sensitive helseopplysningar i e-posten eller meldinga.
Laster...
Noe gikk galt. Vennligst prøv igjen senere.
Søknadsfrist
Kurset blir arrangert jamleg. Ta kontakt for neste kursdato.
Kva kostar det?
Kurset er gratis.
Kva skjer etter at du har meldt deg på?
Når vi har fått meldinga din, tek ein fagperson kontakt med deg for ein uforpliktande samtale. Her fortel vi meir om korleis kurset fungerer, og vi finn saman ut om dette er eit tilbod som passar for deg.
Viss du ikkje er nøgd med vurderinga vi gjer, kan du kontakta kommunen for å klaga.
Lovar og reglar
- Helse- og omsorgstenestelova § 3-2
- Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1 a
- Forvaltningslova kap. V