Introduksjonskurs om psykisk helse

Har du tankar og kjensler som du er usikker på korleis du skal handtera? Ein livssituasjon som krev mykje? Ofte uroleg, irritert, sliten, engsteleg, nedstemt eller stressa? Har du det vanskeleg og ønskjer å ta grep for å få det betre? Då kan introduksjonskurset om psykisk helse og kognitiv atferdsterapi vera aktuelt for deg.

Om kurset

Mange opplever periodar med psykiske plager som nedstemtheit, uro og stress. For somme går plagene over av seg sjølv, men for andre kan det vere nyttig å få kunnskap og verktøy for å handtere situasjonen betre. På dette introduksjonskurset vil du få informasjon om vanlege psykiske plager og lære metodar du sjølv kan bruke for å oppnå positiv endring i kvardagen. 

Kurset er for personar som

  • Opplever lettare psykiske plager som nedstemtheit, uro eller stress
  • Vil lære meir om korleis tankar, kjensler og åtferd heng saman
  • Ønskjer konkrete verktøy for å oppnå endring i kvardagen

Forplikting: Deltakarane må forplikte seg til å delta på alle samlingane for å få best mogleg utbytte.

Kurset passar ikkje for personar som

  • Har behov for akutt hjelp eller står i ein akutt livskrise
  • Har alvorlege eller samansette utfordringar som krev meir omfattande oppfølging (t.d. rusproblem, alvorleg psykisk liding eller demens)
  • Har behov for langvarig terapi eller utgreiing
  • Allereie får eller er tilvist til anna psykisk helsehjelp, som distriktspsykiatrisk senter (DPS)

Kurset gir

  • Innsikt i vanlege psykiske plager og kva som påverkar dei
  • Kunnskap om korleis tankar, kjensler og åtferd heng saman
  • Verktøy for å handtere utfordringar og oppnå endring i kvardagen

Kurset er undervisningsbasert og inneheld praktiske øvingar, men det er ikkje krav om aktiv deltaking.

Slik melder du deg på

Meld deg på ved å senda oss ein e-post eller SMS.

Alle som melder seg vil få tilbod om ein samtale med ein fagperson for å vurdere kva for tilbod som passar best for deg.

Søknadsfrist

Neste kurs har oppstart tysdag 7. april, med påmeldingsfrist 3. april, og finn stad i Odda

Sikk sakk element i raud farge - morell. Illustrasjon. - Klikk for stort bilete

Praktiske opplysningar

  • Kursdatoar:
    • Tysdag 7. april
    • Tysdag 14. april
    • Måndag 27. april
    • Tysdag 5. mai
  • Tidspunkt: kl. 14 - 16 (kvar økt)
  • Gruppe: 8-12 deltakarar
  • Stad: Moen 7, Odda
  • Påmeldingsfrist: 3. april (e-post eller tlf/SMS)

Pris

Kurset er gratis.

Kva skjer vidare?

Ved påmelding vil du verte kontakta for ein uforpliktande samtale der det m.a. blir informert om innhaldet og forma til kurset, og ein vurdering om dette kurset kan vera til nytte for deg.

Klage

Dersom du ikkje er nøgd med vurderinga, kan du kontakte kommunen.

Lovar og reglar

Ikkje send sensitive opplysningar på e-post. Send oss telefonnummer og at du ynskjer kontakt!