Langtidsplass i institusjon eller tilsvarande butilbod

Forskrift med kriterie for tildeling av langtidsplass i institusjon eller tilsvarande butilbod i kommunen.

Heimel

Vedteke i Ullensvang kommunestyre 09.12.2020, med heimel i lov 24. juni 2011 nr 30 om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. (helse- og omsorgstenestelova) § 3-2 a, andre ledd, jf. lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukarrettigheter (pasient- og brukarrettighetslova ) § 2-1 e.

Med tilsvarande butilbod meiner ein omsorgsbustad med døgnkontinuerlig bemanning. Dei omsorgsbustadane som har eller vil få døgnkontinuerlig bemanning, vil vera omfatta av forskrifta.