Praktisk bistand opplæring

Praktisk bistand opplæring er ei teneste som gir rettleiing og støtte til personar med fysisk eller psykisk funksjonshemming, slik at dei kan bli mest mogleg sjølvhjelpne i kvardagen.

Kven kan få hjelp?

Tilbodet er for personar som:

  • Har eit særleg stort hjelpebehov på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming.
  • Har behov for tilrettelegging og opplæring for å meistre dagleglivet.
  • Har helseopplysningar som viser at dei ikkje har tilstrekkeleg grad av eigenomsorg, eller er heilt avhengige av praktisk eller personleg hjelp.

Kva kan du få hjelp til?

Tenesta er tilpassa individuelle behov, og blir utført på faste dagar og tidspunkt i samråd med tenestemottakar.

Tenesta omfattar

  • Hjelp til eigenomsorg og personleg stell.
  • Påminning, motivering og rettleiing i dagleg reinhald og stell av bustad.
  • Motivering, rettleiing og hjelp til sosiale aktivitetar.
  • Planlegging av daglege gjeremål ved bruk av dags- eller vekeplan.
  • Økonomistyring og hjelp til søknad om oppnemning av verje.
  • Opplæring i sosiale ferdigheiter og nettverksbygging.
  • Hjelp til å komme i gang med arbeid, dagtilbod og fritidsaktivitetar.
  • Butrening og opplæring i daglege aktivitetar/gjeremål.
  • Hjelp til å oppretthalde ferdigheiter som tenestemottakar allereie har. 

Tenesta omfattar ikkje:

  • Oppgåver som tenestemottakar kan utføre sjølv.
  • Praktisk hjelp til reingjering av heimen utan opplæring – slike oppgåver blir dekt av heimehjelpstenesta, der kommunale satsar vil vere gjeldande.

Slik søkjer du

Du kan søkje om praktisk bistand opplæring ved å sende inn søknadsskjema eller ved å kontakte tildelingskontoret.

Søk om helse- og omsorgstenester

Søknad om helse og omsorgstenester (pdf)

Papirskjema kan sendast til: 

Ullensvang kommune v/Helse og omsorg
Avdeling for Forvaltning og koordinering 
Opheimsgata 31
5750 Odda

Søknadsfrist

Det er ingen fast søknadsfrist, søknadar blir behandla fortløpande.

Pris

Det er ingen eigenbetaling for praktisk bistand opplæring. 

Kva skjer vidare?

Når søknaden din er mottatt, vil kommunen vurdere behovet ditt og fatte eit vedtak. Du vil få skriftleg tilbakemelding om vedtaket.

Klage

Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage. Klagen skal sendast til kommunen innan fire veker etter at du har mottatt vedtaket.

Lovar og reglar

  • Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 punkt 6, bokstav b 
  • Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1 a 
  • Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator