Butilbod og tilrettelagte tenester Kommunen yter tenester til til barn, unge og vaksne med varige og omfattande funksjonsnedsettingar. Målet er å gje den einskilde eit tenestetilbod som er tilpassa eige hjelpebehov, og som gjev høve til utvikling, meistring og sjølvstende i eige liv.Kven kan få tilbodet?Personar med særlege hjelpebehov grunna utviklingshemming og/eller andre funksjonshemmingar kan søkje om bistand frå kommunen i form av tilrettelagte tenester eller butilbod. Kva kan du få hjelp til?Tenestene vert gjeve i eigen bustad, bufellesskap med heildøgns omsorg, avlastningsbustad og som aktivitetstilbod ved dagsenter.Tenesta yter individuelt tilpassa bistand som til dømes: Praktisk bistand – hjelp i heimen og opplæring i daglege ferdigheiter.Helsehjelp – medisinsk oppfølging, tilsyn og pleie.Avlasting – tilbod for pårørande som treng støtte i omsorgsarbeidet.Koordinering av tenester – gjennom individuell plan og koordinator.Tilpassa arbeid og aktivitet – VTA-plassar og andre dagtilbod. Broto bufellesskap Lokalisert i Kinsarvik, nært sentrum.4 leilegheiter + nybygg med 7 bueiningar.Fellesrom til bruk for bebuarar og nærmiljø.Yter også tenester til brukarar i nærområdet. Ta gjerne kontakt med oss! Eidesbrotet bufellesskap Heildøgnsbemanna butilbod i Odda.Alle bebuarar har eiga bueining.Fellesrom til bruk for alle.Ta gjerne kontakt med oss! Mjøstølen avlastningsbustad Avlastningsbustad for barn lokalisert i Odda.Avlastingstilbod for familiar med særleg tyngjande omsorgsoppgåver.Tilrettelagt oppfølging og samarbeid med heim, skule og faggrupper.Ta gjerne kontakt med oss! Røldal bufellesskap Heildøgns butilbod for personar med utviklingshemming.3 bueiningar og fellesareal. Odda dagsenter Aktivitets- og arbeidstilbod for personar med utviklingshemming, samt tiltaksplassar for andre som treng eit dagtilbod.Organisert i tregruppe, tekstilgruppe og utegruppe.Utegruppa arbeider med skog og ved og tek i mot bestilling på ved som vert levert på døra. Dei kan også stelle i hagen for private kundar. Drift av butikk med eigne produkt og deltek på handverksmarknadar.Butikken har opningstid på Hjøllo frå 09:00-15:00 kvar dag.Ta gjerne kontakt med oss! Slik søkjer duDu kan søkje om tenester ved å sende inn søknadsskjema eller ved å kontakte tildelingskontoret.Søk om helse- og omsorgstenesterSøknad om helse og omsorgstenester (pdf)Papirskjema kan sendast til: Ullensvang kommune v/Helse og omsorgAvdeling for Forvaltning og koordinering Opheimsgata 315750 OddaSøknadsfristDet er ingen fast søknadsfrist, søknadar blir behandla fortløpande.PrisKommunale omsorgsbustadar har fastsette satsar. Det er inga eigenbetaling for tenester som inngår i vedtaket.Kva skjer vidare?Når søknaden din er mottatt, vil kommunen vurdere behovet ditt og fatte eit vedtak. Du vil få skriftleg tilbakemelding om vedtaket.KlageDersom du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage. Klagen skal sendast til kommunen innan fire veker etter at du har mottatt vedtaket.Lovar og reglarHelse- og omsorgstenestelova § 3-2 punkt 6 Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1 a Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator