Information in English / Informationen auf Deutsch (PDF, 5 MB)
Når du treng legehjelp - kven skal du ringa?
- Fastlegen din i opningstida
- Legevakt 116 117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente
- 113 når det er akutt og står om liv
Ullensvang legevakt
Lokalisert på Odda Sjukehus (Helse Fonna)
- Adresse: Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
- Telefon: 116 117
- Opningstider:
- kl. 15:30 – 08:00 – kvardagar
- kl. 08:00 – 08:00 – laurdag, søndag og heilagdagar
Akutt medisinsk nødtelefon: 113
Har du ikkje fastlege i kommunen?
Ta kontakt med oss på 116 117 eller ring næraste legekontor (kvardagar kl. 08:00 – 15:30).
Legekontor i kommunen
Her finn du oss
Opningstider
Medisinsk nødtelefon og legevaktstelefon er bemanna med sjukepleiar 24 timer i døgnet – alle dagar. Lege har vakt kl. 15:30 – 08:00 på kvardagar og kl. 08:00 – 08:00 (heile døgnet) i helger og heilagdagar.
Kontakt alltid fastlegen i kontortid kvardagar kl. 08:00 – 15:30, med mindre du oppheld deg i kommunen og ikkje har fastlege her.
Korleis kontakte legevakta?
Du må ringje oss før du kjem, slik at vi kan tildela deg ein time. På den måten kan vi vera førebudd og vurdera kor raskt du treng hjelp. Kanskje kan vi også løyse problemet ditt, eller gi deg råd, på telefon eller video.
Når du ringjer, ber vi om at du oppgir fullt namn og personnummer slik at vi får registrert deg.
Ventetid
Pasientar vert prioritert etter medisinsk alvorlegheitsgrad. Difor kan du oppleva at pasientar som har venta kortare tid enn deg kan kome raskare til behandling.
Reseptar
Legevakta skriv kun ut resept på medisin som gjeld den akutte behandlinga. Desse må hentast i apoteka si opningstid. Når apoteket er stengd får du med deg startdosen frå legevakta. Faste medisinar må du få resept på hos fastlegen.
Reglar for sjukemelding
Legevakta sjukemelder kun for ein kort periode. Kontakt fastlegen ved forlenging av sjukemelding og anna oppfølging
Betaling
Du betalar ein eigenandel for legekonsultasjon. I tillegg må du betala for eventuelt forbruksmateriell og medisinar.