Kreftkoordinator

Kreftkoordinator er ein ressursperson for deg som er kreftramma eller pårørande. Kreftkoordinator har informasjon om ulike tenester, rettar og tilbod innan kreftomsorga og kan bidra med å koordinera og leggja til rette for at du og dine får ein best mogleg kvardag.

Tilbodet er for

  • Personar som er ramma av kreft.
  • Pårørande som treng støtte, rettleiing eller informasjon.

Kva kan du få hjelp til?

  • Å koordinera og leggja til rette for at du og dine får ein best mogleg kvardag.
  • Vera ein ressursperson for deg som er kreftramma eller pårørande.
  • Informera om ulike tenester, rettar og tilbod innan kreftomsorga lokalt og regionalt.
  • Gje råd og rettleiing om diagnose, behandling og rehabilitering.
  • Vera ein samtalepartner som kan bidra til å sortera tankar i ei vanskeleg tid.
  • Jobba tverrfagleg og samarbeide med andre instansar, både under sjukdom og i etterkant av behandling.

Slik søkjer du

Kreftkoordinatortilbodet er eit lågterskeltilbod. Det betyr at du ikkje treng tilvising frå lege eller sjukehus for å ta kontakt.

Du kan sjølv ringe, sende melding eller e-post for å gjere avtale.

Søknadsfrist

Det er inga fast søknadsfrist, du kan ta kontakt når behovet oppstår.

Pris

Tenesta er gratis.

Kva skjer vidare?

Når du tek kontakt, vil kreftkoordinatoren vurdere behovet ditt og tilby oppfølging, rettleiing og eventuelt vidareformidling til relevante tenester.

Klage

Dersom du ikkje er nøgd med oppfølginga, kan du ta kontakt med kommunen.