Kven kan få tilbodet?
Dersom du har akutt eller mellommbels trong for hjelpemiddel, kan du låna det frå kommunen sitt korttidslager. Har du varig redusert funksjonsevne på grunn av sjukdom, skade eller lyte, kan du søkje om hjelpemiddel frå Nav Hjelpemiddelsentral.
Kva kan du få hjelp til?
Korttidslån frå kommunen
Ved mellombels behov for tekniske hjelpemiddel, kan ein få låne dette av kommunen. Kommunalt hjelpemiddellager har dei vanlegaste hjelpemidla tilflytting og primære behov. Eksempel er rollator, forhøgar til toalett, dusj/ toalettstol, manuelle rullestolar o.l.
Ergo- og fysioterapitenesta eller pleie- og omsorgstenesta kan formidle behov til lokalt hjelpemiddellager.
Varig lån frå Nav Hjelpemiddelsentral
Er behovet for hjelpemiddel varig må du søkje til Nav og få hjelpemiddel via Hjelpemiddelsentralen. Ergo- og fysioterapitenesta eller pleie- og omsorgstenesta kan gje deg bistand til å vurdere hjelpemiddelbehovet og skrive ein søknad til Hjelpemiddelsentralen.
Ulike typar hjelpemiddel
Dette er hjelpemiddel til personar med nedsett funksjonsevne som gjev vanskar med å klare daglege aktivitetar som forflytning, personleg stell, matlaging, ete og drikke, husarbeid m.m. Til dette kan du få hjelp frå t.d. ergoterapeut, fysioterapeut, sjukepleiar eller fastlege.
Dette er hjelpemiddel til personar som har vanskar med å hugse, planlegge og organisere eigen kvardag som følgje av demens, hjerneslag, medfødde kognitive vanskar m.m. Ergoterapeut kan hjelpe deg å søkje om slike hjelpemiddel.
Desse hjelpemidla omfattar t.d. utstyr brukt til å sjå, høyre, lese, skrive, telefonere, alarmere og utstyr til informasjonsteknologi. Tilsette ved PPT eller ergoterapeut kan hjelpa deg med dette.
Du treng utgreiing hos spesialist for å få høyrslehjelpemiddel. Fastlegen din kan tilvise deg til spesialist. Du kan også kontakte høyrslekontakt i kommunen for råd og praktisk hjelp.
Høyrslekontaktane i kommunen kan hjelpa med
- kartlegging og formidling av høyrslestekniske hjelpemiddel
- tilpassing og opplæring i bruk av høyrslestekniske hjelpemiddel
Høyrslekontaktar (hørselskontakt) i kommunen:
Du treng utgreiing frå augelege for å få synstekniske hjelpemiddel. Fastlegen din kan tilvise deg til spesialist.
Regional syns- og audiopedagogisk teneste i Hordaland (SAPT) kan kontaktast for utprøving og enkel opplæring i bruk av synshjelpemiddel. Dei kjem jamleg til Odda, tlf. 53 03 72 50
Ergoterapeut i kommunen kan gje bistand i å søkje utprøving frå Syns- og audiopedagogisk teneste (SAPT) – Skjema for tilmelding finn du på nettsida til SAPT.
Syns- og audiopedagogisk teneste i Hordaland (SAPT)
Utlevering, innlevering og reparasjon
Hjelpemiddelteknikarar i kommunen har ansvar for utlevering, montering, enkletilpassingar og reperasjonar av tekniske hjelpemiddel og tryggleiksalarmar. Når hjelpemiddelet er tilgjengeleg for utlevering vert du kontakta for nærare avtale om levering/montering/opplæring.
Har du hjelpemiddel ståande som du ikkje treng lenger, kan du melda frå til ergo- og fysioterapitenesta eller pleie- og omsorgstenesta. Vi vil sørge for at hjelpemiddelet vert henta.
Inn- og utlevering skjer frå kommunen sitt hjelpemiddellager på Hjøllo, samt mindre kommunale lager på Bråvolltunet, Utneheimen og Vikevollen.
Er hjelpemiddelet ditt øydelagt kan du melda frå til ergo- og fysioterapitenesta eller pleie- og omsorgstenesta. Dei tek kontakt med hjelpemiddelteknikar som avgjer om hjelpemiddelet kan reparerast lokalt, eller om det må sendast inn til Hjelpemiddelsentralen for reparasjon.
Slik søkjer du
Ved behov for tekniske hjelpemiddel kan du kontakte ergo- og fysioterapitenesta eller pleie- og omsorgstenesta der du bur.
Prisar
Lån av tekniske hjelpemiddel frå kommunen sitt korttidslager er gratis.
Lån frå Nav Hjelpemiddelsentral er i hovudsak gratis. Nokre hjelpemiddel for trening og aktivitet har ein eigendel, men dette vert opplyst når det er aktuelt.