RekrutteringsbustaderKommunen har 5 leilegheiter som skal nyttast til pendlar- eller rekrutteringsbustad. Bustaden skal vera ei mellombels løysing som dekkjer eit akutt behov for bustad i ein overgangsperiode.Bustadane skal prioriterast til personar som vert tilsett i stillingar det er særleg vanskeleg å rekruttera til, eller som eit tiltak for å behalda tilsette med særskild kompetanse.Tildeling av bustad er under føresetnad av at det er ledige bustader som er øyremerka til dette føremålet.Ved signering av leigeavtale for rekrutteringsbustad forpliktar den tilsette seg til å arbeida for å finna eigen bustad innan 12 månader.Er det eit problem å få tak i bustad? På denne sida har vi samla nokre gode tips til deg!Bu i UllensvangTa kontakt med den som har tilsett deg (eller næraste leiar) ved behov for rekrutteringsbustad. Dei vil ta henvendinga vidare.