Justering av grenser

Justering av eigedomsgrenser kan skje ved grensejustering eller arealoverføring, avhengig av kor stort det omsøkte arealet er.

Oppmålingsforretning

Uavhengig av sakstype, må det gjennomførast ei oppmålingsforretning der dei nye grensene vert merka og målt. Resultatet av oppmålingsforretninga vert ført inn i matrikkelen, som er det offisielle eigedomsregisteret i Noreg.

Grensejustering

Ei grensejustering er ei mindre endring av grensa mellom to eigedomar. Grensejusteringar krev ikkje løyve etter plan- og bygningslova, med mindre tiltaket er i strid med lovverk og overordna planar.

Arealoverføring

Arealoverføring er ei større justering av grensa mellom to eigedomar. Arealoverføring krev søknad og løyve etter plan- og bygningslova. Arealet vert overført mellom tilgrensande matrikkeleiningar utan at arealet vert oppretta som eiga matrikkeleining.