Platting, terrasse, veranda eller balkong
Platting, terrasse, veranda eller balkong - kva er forskjellen?
Kva er forskjellen?
- Platting og terrasse er konstruksjonar for uteareal over bakkenivå, ofte med trapp til terrenget.
- Veranda er ein open bygningsdel, understøtta og eventuelt med tak.
- Balkong er ein utstikkande og open bygningsdel med rekkverk, utan understøtte.
Du treng ikkje søkja
- Dersom tiltaket er i samsvar med gjeldande reguleringsplan.
- Dersom plattingen/terrassen er lågare enn 0,5 meter over ferdig planert terreng. Slike konstruksjonar er ikkje omfatta av avstandskravet, og kan plasserast nærare nabogrensa enn 4 meter.
- Dersom verandaen er inntil 15 kvadratmeter bebygd areal eller bruksareal. Verandaen må vera understøtta, kan ikkje overstige to etasjar og må plasserast minst 4 meter frå nabogrensa.
- Dersom tiltaket vert bygd med tilstrekkeleg avstand frå offentleg regulert veg
Du kan søkja sjølv
- Dersom terrassen/plattingen er under 50 kvadratmeter
- Dersom verandaen er mellom 15-50 kvadratmeter og vert bygd på einebustad, tomannsbustad eller mindre rekkjehus
Meir informasjon om korleis du søkjer finn du her
Fagfolk må søkja for deg
- Dersom plattingen eller terrassen er over 50 kvadratmeter
- Dersom du skal byggja eller riva ein takterrasse
- Dersom du skal byggja eller riva ein balkong
Finn føretak med sentral godkjenning