Påbygg, tilbygg eller kjellarDesse tiltakstypane gjeld utviding av eksisterande bygning oppover, bortover eller nedover.Kva er forskjellen?Påbygg er utviding av bygningen oppover. Den nye bygningsdelen vert plassert på ein eksisterande konstruksjon, til dømes ein ekstra etasje.Tilbygg er utviding av grunnflata på ein bygningen, til dømes ein terrasse.Kjellar/underbygg er utgraving under eksisterande bygning, og utvider eksisterande bygning nedover.Du treng ikkje å søkjaDersom tiltaket er i samsvar med gjeldande reguleringsplanDersom tilbygget er på inntil 15 kvadratmeter bebygd areal (BYA) eller bruksareal (BRA), utan rom for varig opphald. Tilbygget må vera understøtta, kan ikkje overstiga to etasjar og må plasserast minst 4 meter frå nabogrensa.Dersom tiltaket vert ført opp med tilstrekkeleg avstand frå offentleg regulert veg. Sjølv om ikkje tiltaket er søknadspliktig, må du informera kommunen om tiltakets plassering når det er ferdigstilt:Skjema: Meld inn bygning eller tiltak som er unnteke søknadspliktDu kan søkja sjølvDersom tilbygget har bebygd areal (BYA) eller bruksareal (BRA) på mindre enn 50 kvadratmeter. Tilbygget kan i tillegg ha kjellar dersom kjellertaket er mindre enn 1,5 meter over terrenget rundt bygningen.Les meir her om korleis du søkjerFagfolk må søkja for degDersom du skal byggja eller riva eit påbyggDersom tilbygget er større enn 50 kvadratmeterDersom du skal byggja under ein eksisterande bygningFinn føretak med sentral godkjenningMerk!Dersom tilbygget fører til at eksisterande bygning må koplast til VA-anlegg, må søka om sanitærabonnement. Søknad om sanitærabonnement