Om du skal nytta eit bygg eller delar av eit bygg til noko anna enn det er godkjent som, må du søkja om bruksendring.
Du kan søkja sjølv
- Dersom du skal endra bruken av rom frå tilleggsdel til hovuddel innanfor ei brukseining, til dømes frå bod til soverom.
For meir informasjon om bruksendring og aktuelle skjema:
Direktoratet for byggkvalitet
Fagfolk må søkja for deg
- Dersom du skal nytta bygget til anna føremål enn det du gjer i dag. Dette vil gjelda om du til dømes ynskjer å nytta ei hytte til bustad, eller ein bustad til næringslokale.
- Dersom du skal etablera ny leilegheit i eit eksisterande bygg
- Dersom du vil få godkjent ein eksisterande utleigedel som sjølvstendig bueining
Finn føretak med sentral godkjenning