Desse bygningstypane er frittliggjande bygningar som ikkje skal nyttast til å bu i.
Du treng ikkje søkja
- Dersom bygget er i samsvar med gjeldande regulerinngsplan
- Dersom bygningen ikkje skal nyttast til å bu i, eller har samla bruksareal eller bebygd areal på over 50 m²
- Dersom det er over 1 meter til nabogrensa
- Dersom bygningen vert plassert i tilstrekkeleg avstand frå offentleg regulert veg. Rettleiar for plassering av byggverk nær offentleg veg
- Dersom bygningen er frittliggjande, i ein etasje og utan kjellar
- Dersom bygningen ikkje kjem i konflikt med offentlege vatn- og avlaupsledningar
Sjølv om ikkje tiltaket er søknadspliktig, må du informera kommunen om tiltakets plassering når det er ferdigstilt.
Melding om frittliggende bygning eller tilbygg som er unntatt søknadsplikt (bokmål)
Du kan søkja sjølv
- Dersom den frittliggjande bygningen ikkje skal nyttast til å bu i, og samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er over 70 m²
- Dersom bygget er på maks ein etasje. Kjellar vert ikkje rekna som eigen etasje.
Meir informasjon om korleis du søkjer
Fagfolk må søkja for deg
- Dersom bygningen er større enn 70 m² bebygd areal (BYA) eller bruksareal (BRA)
- Dersom bygningen har meir enn ein etasje
Finn føretak med sentral godkjenning