Byggesak og oppmåling i kommunen

Når du skal byggja, riva eller gjera endringar på eigedomen din, må du følgja plan- og bygningslova. Verksem for byggesak og oppmåling hjelper deg på veg. Vi rettleiar, svarar på spørsmål og behandlar søknaden din (om du må søkje).

Forvetningsavklaring

Kva du kan forvente av byggesak og oppmåling

Vi kommuniserer på ein respektfull måte og utøver forvaltningsmynde med høg fagleg kvalitet.

Våre saksbehandlingstider 

Vi arbeider målretta for å halde saksbehandlingstida så kort som råd, og oppfordrar deg sterkt til å sjå til at du har levert ein komplett søknad. Merk at saksbehandlingstida startar frå det tidspunktet søknaden er komplett jf. plan- og bygningslova (pbl.) § 21-4 (1). 

  • 3 veker: For tiltak som er i samsvar med lov og gjeldande planar, utan merknader frå naboar osv. For ferdigattest og mellombels bruksløyve. 
  • 12 veker: For ordinære byggesaker, saker som krev dispensasjon, eller saker der andre offentlege styresmakter må uttale seg.

Mynde som skal uttala seg i saker, har etter lova opptil 4 veker på å komme med uttale jf. § 21-5 (3). Om tiltaket krev løyve etter anna regelverk, må dette vere fatta før byggesak har moglegheit til å gje løyve etter plan- og bygningslova.

Kommunen skal som hovudregel gjennomføre oppmålingsforretning og matrikkelføring innan 16 veker jf. matrikkelforskriften § 18.

Kva vi forventar av deg som søkjar

  • Kommuniser med sakshandsamar på ein respektfull måte.
  • Lever ein komplett søknad: Mangelfulle søknader fører til store forseinkingar og meirarbeid for både søkjar og kommunen. Vi oppfordrar deg difor sterkt til å sjå til at du har levert inn alle relevante opplysningar og dokumentasjon før du leverer søknaden jf. SAK10 kap. 5.
  • Svar på manglar innan frist: Vi ber om at du svarar på alle manglane du får tilbakemelding om, og ikkje sender inn all dokumentasjon på ny kvar gong. 
  • Sjekk planstatus på førehand: Du må undersøkje kva planar og føresegner som gjeld for din eigedom via kommunekart.com. 
  • Bruk ansvarleg føretak: Vi har stor forståing for at plan- og bygningslova er komplisert, og vi oppfordrar dykk difor til å ta i bruk ansvarleg føretak om de har behov for bistand.      

Særskilt om naturfare i kommunen

Ullensvang er ein kommune med bratt terreng og store naturkrefter. Det er eit absolutt lovkrav at tiltak skal ha tilstrekkeleg tryggleik mot naturfare og miljøforhold (jf. plan- og bygningsloven § 28-1 jf. TEK17 kap. 7 jf. kap. 9.

  • Søkjars ansvar: Søkjar må sette tiltaket i ein tryggleiksklasse. Søkjar må dokumentere at grunnen er tilstrekkeleg trygg mot natur- og miljøforhold for det omsøkte tiltaket jf. SAK10 § 5-4 (3) bokstav g. Det er tiltakshavar som må betale for innhenting av slik dokumentasjon jf. Ot.prp. nr. 45 (2007-2008) s. 215.
  • Kartlegging: Sjekk alltid faresone- og aktsemdskart på NVE sine heimesider og kommunekart.com.
  • Krav om dokumentasjon: Dersom tiltaket ligg innanfor ei aktsemds- eller faresone, må det leggjast ved dokumentasjon som syner at tiltaktet er trygt nok mot natur- og miljøforhold jf. pbl. § 28-1 jf. TEK17 kap. 7 jf. kap. 9. Kommunen kan ikkje godkjenne søknaden utan denne dokumentasjonen.